NRK Meny
Normal

Usikkert om Wæhler er med vidare

VIKING STADION (NRK): Kampen mot Rosenborg kommande helg kan vere Kjetil Wæhler (41) sin siste kamp for Sogndal. – Eg håpar vi får han med vidare, seier trenar Eirik Bakke.

Kjetil Wæhler

SOLID: Kjetil Wæhler har hausta mange lovord for måten han har kome inn og skapt tryggleik i midtforsvaret til Sogndal. No er det usikkert om han blir med vidare.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Den tidlegare landslagsstopparen vart med hell henta inn då både Christophe Psyche og Bjørn Inge Utvik vart langtidsskadde tidleg i sesongen.

Sogndal har berre tapt ein av sju kampar som midtstopparkjempa har spelt.

Eirik Bakke

HÅPAR: Sogndal-trenar Eirik Bakke håpar at Kjetil Wæhler blir med ut sesongen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Han har kontrakt ut året, men vi skal ha oss ein prat etter kampen mot Rosenborg om vegen vidare, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Sjå på statistikken

– Han har familie og alt i Oslo. Han har vore fantastisk for oss, det er berre å sjå på statistikken. No må han bli frisk att, legg Bakke til.

I heimekampen mot Aalesund vart Wæhler den eldste utespelaren som har spelt i eliteserien. Men den tidlegare landslagsstopparen har slite med småskadar.

Også i poengdelinga med Viking søndag måtte Wæhler ut med ein kneskade.

Vart avgjerande

Eliteserien i fotball 2017: Vålerenga-Sogndal. (3-0)

VIKTIG: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland seier Kjetil Wæhler er ei viktig brikke i midtforsvaret.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Symptomatisk nok, var det då heimelaget tok leiinga.

– Sjølv om Viking har mykje ball, så skaper dei ikkje allverda før corneren der Kjetil, som er ei viktig brikke i vår defensive corneroppstilling, er ute med skade, seier keeper Mathias Dyngeland.

Trenar Bakke meiner det var avgjerande at Sogndal var redusert til ti mann då Viking scora.

– Ja det veit eg, eller at vi ikkje fekk gjort eit bytte.

Serieleiaren til helga

Wæhler har slite med same kneskade tidlegare i sesongen.

No håpar Bakke å ha midtstopparen klar til heimemøtet mot serieleiaren på Fosshaugane Campus førstkommande laurdag.

– No får vi sjå om vi får lappa han opp litt og stabla han på beina att til Rosenborg i helga, seier han.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast