Hopp til innhold

Usikkert om unge får røyste

Dei største partia i Vågsøy er usikre på om dei skal la 16- og 17-åringar røyste i folkerøystinga om Kinn, skriv Fjordenes Tidende. Folkerøystinga skal haldast i juni.
Rådmannen og ungdomsrådet vil ha røysterett for 16-åringar og får støtte frå Venstre, Raudt og Tverrpolitisk liste. Frp og KrF seier nei, medan Høgre, Ap og Sp har ikkje bestemt seg. Saka blir avgjort på kommunestyremøtet torsdag.

Måløy
Foto: Thomas Hagen