Hopp til innhold

Usikkert om MF Eid kjem i drift igjen

Den 40 år gamle ferja MF Eid, som i går stod i brann på Lysefjorden, har vore ute av drift fleire gongar i sommar. Fjord1 seier dei ikkje har grunn til å tru at det er samanheng mellom brannen og desse episodane.

Andre Høyset, driftsdirektør Fjord 1

GJER UNDERSØKINGAR: Måndag startar Fjord1 sine undersøkingar etter brannen om bord på MF Eid.

Foto: Fredrik Helland / NRK

I går kveld tok det til å brenne i Fjord1-ferja MF Eid, som er leigd ut til selskapet The Fjords for å gå i turisttrafikk på Lysefjorden. Dei 54 passasjerane om bord måtte evakuerast som følgje av hendinga. Motoren gjekk varm om bord på den 40 år gamle ferja, som i sommar har vore ute av drift fleire gongar og også ved tidlegare høve har hatt problem.

– Det har vore mindre episodar tidlegare, men vi har ikkje grunn til å tru det har samanheng med episoden i går kveld, seier driftsdirektør i Fjord, André Høyset.

– Korleis kan ein seie det når de enno ikkje veit kva årsaka er?

– Vi veit litt om kva som var observasjonane om bord på fartøyet. Men det er for tidleg å konkludere, seier han.

Gjer undersøkingar

Høyset viser til at alle ferjene til Fjord1 går gjennom eit fast vedlikehaldsprogram.

– Ferjene blir også sertifiserte i samsvar til lovkrava som ligg på den type fartøy, seier han.

Forstår du om folk som har opplevd tekniske problem med ferja tidlegare, kan bli urolege?

– Sjølv om ein har vedlikehald, kan hendingar inntreffe. Vår viktigaste jobb er godt vedlikehald, og å unngå hendingar. Dreg ein tidslinja 40 år tilbake i tid, kan ein sikkert finne situasjonar. Men dette er ein veldig spesiell situasjon, som eg ikkje erfaring har med at Eid har vore borti tidlegare.

Det er selskapet The Fjords som leiger ferja til turisttrafikk på Lysefjorden. Per Svanes i selskapet meiner ferja er trygg.

– Hadde du vore ombord ville du sett at den er godt vedlikehalden, seier Svanes, som meiner MF Eid er like trygg som andre ferjer og viser til at den er sertfisert.

Turistferja Eid i Lysefjorden

STOD I BRANN: Det var fredag kveld det tok til å brenne i MF Eid, som går i turisttrafikk på Lysefjorden. 54 personar blei evakuerte.

Foto: Rebekka Andreassen

Mannskapet får ros

Driftsdirektøren i Fjord1 seier selskapet har følgt opp brannen i etterkant i samarbeid med naudetatane og Forsand kommune, som tok imot passasjerane. Også mannskapet blir følgt opp med eigne prosedyrar. Dei har i etterkant av brannen fått ros for måten dei handterte situasjonen på.

– Mannskapet har gjort ein fantastisk god jobb når situasjonen først oppstod, seier Høyset.

Måndag startar Fjord 1 sine undersøkingar for å finne årsaka til brannen.

– Blir M/F Eid å sjå i trafikk igjen?

– Det er for tidleg å seie. No må vi finne ut kva som har skjedd. Vi veit det har vore røykutvikling frå maskinrommet og skorsteinen. No må vi kartlegge kva som har skjedd, og deretter trekke konklusjonen på det.