Hopp til innhold

– Nokre av spelarane har visakort utan bilete. Eg er usikker på om me kjem oss heim i kveld

Jølster sitt gutelag i fotball skal etter planen ta ferja heim frå Dana Cup i Danmark i kveld. Men strengare identifikasjonskontroll ved grenseovergangane gjer at det er usikkert om dei kjem seg heim eller ikkje.

Jølster sitt gutelag på Dana Cup

DANA CUP: Jølster sitt gutelag i fotball har vore på Dana Cup i Danmark. No er dei usikre på om dei kjem seg heim att i kveld.

Foto: Svein Arne Vågane

Som følgje av terrortrusselen mot Norge må alle som skal inn i landet ha godkjend ID, som pass, førarkort eller bankkort.

Ronny Nymark Johannessen

UROA: Trenar Ronny Nymark Johannessen (t.h.) er spent på om dei kjem seg på båten i kveld eller ikkje. Til venstre er jølsterspelar Ola Vågane.

Foto: Svein Arne Vågane

Jølster sit gutelag i fotball har vore på Dana Cup i Danmark, og skal etter planen ta ferja frå Hirtshals til Bergen via Stavanger i kveld. Men om dei kjem seg gjennom ID-kontrollen er høgst usikkert.

Ingen i reisefølgjet har nemleg med seg pass.

– Nokre har bankkort utan bilete

– Dersom det er så gale som det ser ut til å vera no, så risikerer me å få eit problem, seier trenar Ronny Nymark Johannessen.

Sjølv om det ifølgje Politidirektoratet skal vera nok å visa fram førarkort eller bankkort, har fleire opplevd å bli nekta innreise til Norge frå Schengen sjølv om dei har gyldig bakkort.

– Nokre av spelarane her har visakort utan bilete, så det kan bli spanande i kveld, seier Nymark Johannessen.

Håpar fornufta sigrar

Det er Kystverket som har heva beredskapen, og Politidirektoratet meiner kaoset rundt om kring skuldast instruksar som dei lokale internasjonale hamnene har sett i verk på eige initiativ.

Heile pass- og ID-kontrollen kan være ei misforståing mellom myndigheitene i Norge og dei lokale internasjonale hamnene.

– Me har fått signal fra politiet om at me kan ha feiltolka kva som er eit gyldig ID-kort eller ikkje. Dette ser me på fortløpande, seier pressekontakt i Stena Line, Jesper Waltersso.

– Eg ser med gru på det som står i nettavisene no, men det står att å sjå korleis det blir i kveld. Inntil vidare har me bestemt oss for å ta ting heilt med ro og satsa på at fornufta sigrar innan i kveld, seier trenaren.

Jølster på Dana Cup
Foto: Svein Arne Vågane