I eit brev til Helse Vest skriv ordførar Kåre Olav Svarstad at Bremanger kommune ikkje har råd til å bidra med dei 1,5 millionane dei tidlegare har forplikta seg til.
Helse Vest-direktør Herlof Nilssen er ikkje lysten på nye forhandlingar.
- Vi har i det siste teke atterhald om økonomi. 1,5 millionar har vi ikkje som frie midlar på vårt budsjett i dag. Men eg har forstått at også eit mindre beløp kan vere aktuelt å gå inn med, seier Svarstad.
Vil ikkje forhandle
Men direktøren i Helse Vest, Herlof Nilssen, er ikkje særleg lysten på nye økonomiske forhandlingar. Det låg føre ein klar intensjonsavtale om at Bremanger, Flora og Helse Førde skal vere med på å betale drifta av nærsjukehuset. Nilssen seier Bremanger og Flora heile tida har visst kva som vil bli deira andel.
Taper pengar
- Helse Førde vil tape pengar om nærsjukehuset i Florø ikkje kjem i drift. Det seier kommunelege Jan Helge Dale, som har vore med på å greie ut nærsjukehuset.
Dale seier at det blir enno mindre pengar til Helse Førde i åra som kjem, dersom ein ikkje klarer å byggje opp einingar med ein effektiv dagkirurgi - slik planen er med nærsjukehuset i Florø.
Han deler uroa til Nilssen om at nærsjukehuset står i fåre. Men no seier helseministeren at planane om nærsjukehus ikkje kan rørast - sjå: