NRK Meny
Normal

– Her er ingenting att til sauene

Sauebonde Bjarne Magnar Sunde søkte ly i ein gamal bygning frå 1600-talet då skredet kom. Der følte han seg trygg. No er han redd han må avvikle sauedrifta etter dei store skadane elles på garden.

Bjarne Steinar Sunde

RASERTE GARDEN: Skredet som gjekk i Oldedalen har rasert beiteområda til Bjarne Magnar Sunde.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg trur det for min del ikkje er mogleg å rydde opp i dette her. Eg veit ikkje heilt kva som vil skje. Her er ingenting att til sauebeite til vår og haust, seier sauebonde Bjarne Magnar Sunde i Oldedalen.

Han trur det berre er ein ting å gjere no. Nemleg å avvikle heile drifta.

Fredag kveld kom eit stort skred i Oldedalen. Fylkesveg 724 er stengt her ved Yri. Vel 100 innbyggjarar er utan veg og straum.

I Skredestranda på riksveg 15 mellom Stryn og Eid sperra òg eit skred vegen. Vegen her kan bli stengd i ei veke.

Rasert og utan straum

Sunde står på garden sin som ligg hundre meter oppfor vegen, heilt inst i Oldedalen, aust om Yri-neset. Det er ikkje eit vakkert syn.

– Eg står her og ser på kor skredet det. Heile vestdelen av sauebeitet er vekke. Dette har ein gong vore ei flott li, seier Sunde som har 40 sauer som han fôrar på vinteren.

Han var heime då det dundra som verst rundt han.

Stryn Energi

STRAUMLAUS: Stryn Energi jobbar no på spreng for å få straumen tilbake.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg veit ikkje om det går an å beskrive den lyden som kom då det rasa, men eg fekk eit glimt av då hovudkabelen slitna og pålane for, fortel Sunde.

Innbyggjarane inst i Oldedalen er framleis utan straum etter at skredet. Stryn Energi jobbar no på spreng for å få straumen tilbake.

Energisjef Jan Træen seier måndag morgon at dei iallfall vil gå dagen før dei blir ferdige med reparasjonen av høgspentlinja.

Søkte ly i gamal bygning

To gravemaskiner og ein duppers er i full sving like under han. Dei held på med oppryddingsarbeid på vegen som ikkje lenger er der.

Sunde hugsar han såg ut vindauget i fem sekund og fekk med seg eit lysglimt.

– Då eg fekk summa meg fekk eg tredd ein kjeledress over meg, så sprang eg opp mot ein gammal bygning. Den visste eg måtte vere trygg for den er frå 1600-talet. Eg tok med meg ei lommelykt og tredde på meg støvlar og fekk på meg kjeledressen så eg ikkje fraus, fortel han.

Då gjekk det bra. Ein hyttenabo kom han til hjelp med ei stor lommelykt.

– Eg såg ei elv, ei stor elv som for nedover her. Det er det vi ser i dag som det 200–300 meter breie skredet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opprydding i Oldedalen etter ras

OPPRYDDING: No er oppryddinga etter skredet starta.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mista mykje

Skredet tok med seg mykje og Sunde mista ein del denne kvelden.

– Båtnaustet stod jo akkurat der, han peikar nedom vegen. – Her borte gjekk bekken min, men den forsvann heilt. Her var og fullt med almetre som eg hadde stussa i haust. No står det berre att ein siste stakkar. Dei var nok 500–600 år gamle, fortel Sunde.

Han må òg passe på dyra. Heldigvis hadde han akkurat teke opp fôr. For når straumen gjekk var det ikkje mykje hjelp i «grabben» som tek opp foret. Han måtte og ta aggregatet til hjelp etter kvart for å ha straum til å hente opp foret.

– Det har gått bra å passe på sauene i grunn, vêren gjer jo sitt i denne tida, så eg må berre ta det som det kjem. Køyrer vatn og fôr, fortel Sunde.

Skeptisk til vidare drift

Sunde fortel at dei har vore ute for liknande før. Då var det under orkanen Dagmar.

– Då for halve låven og halve garasjen, alt som heitte portar og glas låg oppunder Yrifossen. Ein er nøydd til å bli hardbarka når ein bur her, fortel han.

Men no ser sauebonden stygt på vidare drift på garden.

– Eg kjem meg jo ikkje til fjells heller. Skredet har jo øydelagt setervegen. Her går sauene òg, så no kjem dei vel seg ikkje på setra.

– Korleis ser du på framtida og på det som har skjedd no?

– Det er vel ikkje anna å seie enn at det er vemodig å sjå. No er det ikkje råd å vite noko. Eg veit ikkje om eg skal bu her. Det er jo i grunn ikkje tenkjande å bu her dersom elvane vert så store fleire gongar for året. Det blir ikkje noko særleg å sitje i stoveglaset å sjå på dei, seier han.

(Artikkelen held fram under bileta)

Kunne gått verre

Sunde meiner det ikkje er noko oppløftande å sjå på ei slett fjellside utan noko natur att, men det kunne og gått mykje verre.

– Det er bra det gjekk bra med Yrineset denne gongen, men det kunne like godt vore på den sida, fortel Sunde.

Her er det fleire hus og tettare bygd. Han meiner det hadde gått enda verre om skredet hadde kome der.

Starta opprydding

Kriseleiar i Statens vegvesen, Margot Åsebø seier dei har starta oppryddingsarbeid. Fredag kveld gjekk det fem ras på vegen til Oldedalen i Stryn.

– Det er totalt fem rasløp som skal ryddast i Oldedalen. Noko av dette er allereie rydda opp i, så er det to bra store rasløp som enno ikkje er rydda. Her vert det flytta rasmasse for å tette der det er rasa ut. Det er fleire gravemaskiner og lastebilar i sving for å reparere vegen, fortel Åsebø.

I tillegg er det ein stor stein som skal sprengast her. Åsebø trur det vil skje forhåpentlegvis i løpet av dagen.

– Vi får sjå litt korleis det går i dag, men det er håp om at vi får opna i morgon.

(Artikkelen held fram under videoen)

Måndag blir det drive opprydding etter skreda som har gått over vegen i Oldedalen.

VIDEO: Ryddar vegen i Oldedalen etter skreda som har kome.

Oppryding i Skredestranda

Det har og rasa i Skredestranda mellom Stryn og Eid.

– Vi har starta rydding i Skredestranda, og vi er på veg med helikopter for å synfare og sjå om vi skal spyle ned det som ligg på toppen. Det vert gjort ei ny vurdering i dag. Vi har fått ordna ein deponiplass og skal begynne å køyre vekk massar. Vi er og på plass med ei skogsmaskin for å ta ut det tømmeret som ligg i rasmassane, fortel Åsebø.

– Får de sett på skadane på vegen i dag?

– Etter kvart som vi får vekk rasmassane får vi jo litt meir overblikk over skadane, men vi kjem ikkje gjennom heile rasløpet i løpet av dagen, seier Åsebø.

Ho har enno ikkje fått noko overslag over kor mykje masse som er kome ned, men seier det er mange tusen kubikk. Det same gjeld Oldedalen.

Steinen som traff vegen er større enn ei gravemaskin.

STORE STEINAR: Denne steinen etter skredet i Oldedalen må sprengast før vegen kan opne.

Foto: Jan Træen
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå