Hopp til innhold

Dette bør du ha med i sekken på fjelltur

Fleire av dei som blir berga ned frå fjellet er ikkje godt nok kledde og utstyrte til å klare seg når dei må vente på hjelp. – Det er viktig å vere budd på at noko kan skje, er rådet frå Hovudredningssentralen og fjellvande folk.

Kjell Kleiven gir pakkeråd for dei som skal i fjellet

TRYGGLEIK FØRST: Kjell Kleiven er mykje brukt som turleiar på fjellturar i Sunnfjord. Han seier det er viktigare å ha fokus på tryggleik, enn å tenke på at sekken helst skal vere så lett som mogleg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meir eller mindre dagleg må Hovudredningssentralen i Sør-Norge sende ut mannskap for å hjelpe folk som har fått problem i fjellet. Folk kan ha skada seg, både mindre alvorleg og alvorleg, dei kan ha gått seg vekk eller rett og slett ha mørkna ute.

Redningsinspektør Ståle Jamtli seier fleire redningsaksjonar kunne vore unngått dersom folk hadde hatt klede og utstyr nok til å tole ei natt ute.

– Dei aller fleste går på tur utan at vi høyrer noko om det. Men vi har aksjonar kvar einaste dag der folk har førebudd seg dårleg, og gjerne overvurdert eigne evne for turen dei legg ut på.

Jamtli har fleire tips til dei som skal på lengre fjellturar utover hausten. Under har vi samla dei gode råda hans saman med gode råd frå den fjellvande turleiaren Kjell Kleiven frå Indre Sunnfjord Turlag.

Vindsekk i bruk

VINDSEKK: Ein vindsekk er som ein stor sekk, der ein fort kan få plass til fleire personar. Sekken er laga av eit lett og tynt materiale som er vindtett, og ofte også vasstett på eine sida.

Foto: Ellen Næsje / Den Norske Turistforening

Vindtette og vasstette klede

Spesielt på hausten kan vêret skifte fort. Du kan oppleve at du startar turen i 15 grader, men når du kjem opp i høgda kan temperaturen vere langt lågare. Sjølv på dagar med gode vêrmeldingar, kan det kome nedbør du ikkje hadde sett føre deg. Er du sveitt og klam i tillegg vil du fort begynne å fryse.

– Ha med noko som er vindtett og vasstett. Gjerne eit ekstra par sokkar og ei ekstra ullskjorte. Huer og vottar kan vere lurt å ta med uansett årstid. Ta gjerne med ein vindsekk, den kan vere god å ha om ein kjem ut for noko, seier Kleiven.

– Det treng ikkje vere snakk om store skaden før folk må bli verande i fjellet. Det kan ta tid før ein får hjelp, og då kan ein fort bli veldig, veldig kald. Så varme klede er også viktig, seier Jamtli.

Kjell Kleiven viser fram litt naudproviant som kan vere lurt å ha med seg på fjelltur

NAUDPROVIANT: Nøtter og sjokolade er mat som gir mykje og rask energi. Det kan vere kjekt å ha dette på lur i sekken om du må vente på hjelp, eller vel å vente til skodda lettar eller dagslyset kjem att.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mat og drikke

På lengre turar i fjellet vil dei aller fleste tenke at det er naturleg å ta med seg niste. Varm drikke kan vere lurt, det same er vatn som tørstedrikk.

– Ein bør også vere budde i tilfelle noko skjer, så det er lurt å ta med det ein kan kalle naudrasjonar. Det kan vere til dømes nøtter, energibarar, sjokolade eller frukt, seier Kleiven.

Kjell Kleiven med hovudlykt

HOVUDLYKT: I mørket kan det vere fort å snuble på stien, sjølv om ein er godt kjent i området frå før.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Lykt og refleksvest

Mørket kjem tidlegare dess lenger ut på hausten vi kjem, og det er mange som har opplevd å mørkne ute på tur. Sjølv på kjente stader kan det vere vanskeleg å sjå att stien i mørke, og det er fort å gå seg vekk.

– Ei lommelykt eller hovudlykt er lurt å ha med seg. Ting forandrar seg fort når det blir mørkt, og det er fort å ta feil veg. Det er også veldig kjekt å sjå kvar ein går, seier Kleiven.

– Dersom folk må vente på hjelp i mørket er det lurt å ha noko som gjer dei enklare å finne. Ein refleksvest vil gjere folk synlege på fleire kilometers avstand for helikoptermannskap som brukar nattbriller. Ein refleksvest er liten og lett å ta med, seier Jamtli.

Heller for mykje, enn for lite

Førstehjelpsutstyr kan vere lurt å ta med i sekken når ein skal på fjelltur

FØRSTEHJELPSUTSTYR: Det er lurt å ha med seg litt førstehjelpsutstyr, som til dømes gnagsårplaster, sportstape og støttebandasje.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Av andre ting du bør ha med i sekken er kart og kompass, fyrstikker og litt førstehjelpsutstyr. At mobiltelefonen du har med er fullada er også viktig.

– Ein annan ting som er viktig for å unngå å bruke ressursane våre over eit lengre tidsrom enn det som er nødvendig, er at folk veit korleis dei finn posisjonen sin. Folk bør setje seg inn i korleis dei får opp posisjonen sin via GPS på telefonen. Då hadde det blitt enklare for oss å finne folk i mange tilfelle, seier Jamtli.

– Eg ser ofte når eg kjem tilbake frå tur at det er mykje i sekken eg ikkje har brukt. Men det er veldig greitt å ha det med den dagen uhellet skulle vere ute, seier Kleiven.

– Fjellvettreglane er gode å følgje. Også den om at ein bør varsle kvar ein går på tur, og kor lang tid ein har tenkt å bruke på turen.