Hopp til innhold

Usikker framtid for Florø-kaptein

Haustsesongen til Florø Fotball kan starte utan kaptein Halvor Solheim-Olsen. Kontrakten går ut om to veker, ifølge Firdaposten. Fotballspelaren har enno ikkje høyrt noko frå klubben om forlenging av kontrakta. – Eg føler eg har vore lojal mot klubben og prestert godt nok til å vere høgt prioritert hos Florø Fotball, seier Florø-kapteinen til avisa.

Halvor Solheim-Olsen jublar etter skåring på Fosshaugane
Foto: Endre Romøren / Sogn Avis