Hopp til innhold

Usemje splitta opp bandet

I fjor vart bandet til Steinar Engelbrektson oppløyst. No er han tilbake for fullt med eit nytt band

Steinar E Band

NYTT BAND: Steinar Engelbrektson Band fekk i januar ein ny start etter at det opphavlege bandet (biletet) gjekk kvar sin veg.

Foto: Pressefoto

I slutten av oktober i fjor vart det kjend at fire av bandmedlemmene i Steinar Engelbrektson band slutta. Dermed vart bandet oppløyst, men frontfigur Steinar Engelbrektson klarte etter kort tid å stable eit nytt band på beina.

Allereie i januar heldt det nye bandet sin første konsert, og har heldt det gåande sidan då. No håpar dei å ha ute eit nytt album innan utgangen av oktober i år.

Usamde om profilering

Steinar Engelbrektson

FRISK START: Steinar Engelbrektson er no i full gang med sitt nye band.

Foto: promo Steinar Engelbrektson

Engelbrektson avviser at det var eit vondt brot, men gir likevel uttrykk for at det var usemje mellom bandmedlemmene som førte til oppløysinga.

– Det var eit godt år, vi hadde mykje gode jobbar, men vi var ikkje einige om alt med tanke på korleis ein skal drifte eit band. Så det enda med at alle i bandet slutta, seier Engelbrektson til NRK.

– Kva var dykk usamde om?

– Det var vel profileringa av bandet og bandmedlemmene som var ulik. Eg fekk veldig mykje merksemd og andre fekk mindre. Og så handla det litt om låtval og vegen vidare og slikt. Vi hadde ulike interesser, men det er ofte at endringar er sunt. Det er då det vert skapt nye ting, fortel artisten.

– Er det ei generell utfordring at andre kjem i skuggen når ein har eit band med ein profilert frontmann?

– Det trur eg nok heilt sikkert kan vere ei konflikt som dukkar opp, og det med å plutseleg begynne å tene pengar kan sikkert også vere eit problem, seier Engelbrektson.

– Uaktuelt å gi seg

Trass i store omveltingar var det aldri snakk om å leggje musikken for hylla.

– Nei, kjære folk. Om eg ikkje driv med musikk så driv eg ikkje med noko anna heller.

Bandet hadde sin første konsert i slutten av januar. Det tok berre to månader før eit nytt band var på plass. Konserten var eit stort spenningsmoment.

– Det var grådig spennande. Vi hadde vel ikkje øvd alle saman når vi gjekk på scena, men eg stolte på at dette var snakk om erfarne folk, og det var det. Så konsertane gjekk veldig bra, og det har det heldt fram med å gjere, seier Engelbrektson.

Det nye bandet er no i gang med si første plate.

– Vi startar i studio i mai, og håpet er å gi ut plata før oktober er slutt.