Arkivfoto NRK
Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen går til motsegn mot vass-skuterplanane. Bakgrunnen er at støyen frå skuterane er for sterk. Stavang er ein ynda feriestad, der det er mange hytter. Men Lars Terje Standal meiner at bana kan realiserast utan at Miljøverndepartementet vert kopla inn. Det kan vere snakk om å flytte bana, slik at avstanden til hyttene blir større.