NRK Meny
Normal

Butikkeigarar i Høgre fryktar butikkdød på bygda - ber partiet seie nei til søndagsope

Høgre sin iver etter søndagsopne butikkar sette sinna i kok, men stortingsrepresentant Bjørn Lødemel fekk avverja at hans eige fylkesparti gjekk i mot regjeringa sitt forslag.

Geir Arve Sandvik

PROTESTERTE: Geir Arve Sandvik eig fleire skobutikkar. Han trur mange butikkeigarar no rømmer frå Høgre i protest.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre i helga ville enkelte gå i mot søndagsope, slik regjeringa vil føreslå.

Viste til erfaringane frå Sverige

Geir Arve Sandvik frå Luster driv 16 skobutikkar og er medeigar i Eurosko-kjeda med over 500 butikkar i Skandinavia.

– I Sverige har alle våre skobutikkar i Sverige søndagsope. Det fører til at vi må ha 30 prosent høgare omsetnad ved våre skobutikkar i Sverige for å kunne overleve. Eg sel ikkje fleire sko om eg har ope sju dagar i veka i staden for seks dagar i veka, sa Sandvik frå talarstolen.

Trur butikkeigarar vil vende Høgre ryggen

Bjørn Lødemel

AVVERJA UTTALE: Stortingsrepresentant og leiar i redaksjonsnemnda under fylkesårsmøte, Bjørn Lødemel.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han meiner butikkeigarar no blir skremde vekk frå partiet, fyrst kom det omstridde framlegget om å heve tollgrensa for kjøp av varer frå utlandet, no fryktar mange søndagsopne butikkar.

– Av 80 eigarar i Eurosko – vi eig 500 butikkar – så er eg sikker på at 95 prosent røysta Høgre. Med det som har skjedd no, det er eg sikker på, vil vi ikkje nå snittet ein gong til å stemme Høgre.

«Dette er ei sak som vi har vedtatt på landsmøtet, og som eg har gått til val på. »

stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H)

Lødemel: – Fridom og mangfald

Det var Eid Høgre som kom med resolusjonsframlegg om å seie nei til søndagsopne butikkar. Men resolusjonsnemnda, som hadde stortingsrepresentant Bjørn Lødemel som leiar, rådde til å ikkje handsame framlegget:

– Bakgrunnen er at dette er ei sak som vi har vedtatt på landsmøtet, og som eg har gått til val på. Fridom, mangfald, ansvar er det eg legg mest i.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Høgre 2015

ÅRSMØTE: Sogn og Fjordane Høgre var i helga samla til fylkesårsmøte på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skuffa lokallagsleiar

Lokallagsleiaren i Eid ville ikkje trekke forslaget, og fortalde om eit stort engasjement blant Høgre-folk på grasrota.

Eli Førde Aarskog

FEKK NEI: Lokallagsleiar Eli Førde Aarskog i Eid Høgre ville ha årsmøte til å vedta ein resolusjon mot søndagsopne butikkar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg må seie at eg er litt lei meg for at dette med søndagsopne butikkar blir avvist, viss eg forstod deg rett. Eg ber om at det blir revurdert, sa Eli Førde Aarskog med adresse til stortingsrepresentanten.

Ho fekk mellom anna støtte frå Vågsøy Høgre, Men Lødemel fekk årsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre med seg i å avvise å handsame framlegget.

– Det er ei vanskeleg sak. Vi skal ta signala på alvor, sjølv om Høgre har sagt at vi ønskjer søndagsopne butikkar. Det er vårt utgangspunkt og det er mitt utgangspunkt. Så får vi ta det derfrå, seier stortingsrepresentanten til NRK etter årsmøtet.