Hopp til innhold

Usemje om kvar det nye studenthuset skal ligge

SOGNDAL (NRK): Studenthuset «Meieriet» kan vere på flyttefot. Det vekkjer lite begeistring.

 Studenthuset «Meieriet» kan vere på flyttefot. Det vekkjer lite begeistring.

HIT ELLER DIT: Skal studenthuset «Meieriet» halde hus der det er i dag, eller skal det flyttast til Campus på Fosshaugane? meiningane er mange og delte.

– «Meieriet» er kjent i heile landet. Den svenske gruppa Kent var her, og dei ville jo flytte hit etter at dei hadde spelt her, seier Lasse Steinarson Bødal.

Lasse Steinarson Bødal riggar ned på Meieriet

UNIK: I snart 20 år har han jobba på studenthuset i Sogndal. – Det blir ikkje det same om ein flyttar, meiner Lasse Steinarson Bødal.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Han riggar ned etter nok ein fullstappa kveld på studenthuset i Sogndal. Sidan huset opna for første gong dørene i november i 1998 har han vore med bak scena og rigga opp og ned. Sidan byrjinga har ei rekkje store og små artistar og band vore innom og skapt jubel og begeistring.

Huset ligg i sentrum av Sogndal, men studentsamskipnaden har lansert planar om eit nytt bygg på sjølve campus. Det får blanda mottaking.

– Viss vi samlar all aktivitet på Fosshaugane, og folk brukar alle 24 timane i døgnet der oppe, så vil næringslivet og aktivitetane i sentrum tape, seier Yngve Hallén, som er dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Saman med delar av næringslivet i tettstaden uttrykte han i avisa Porten.no uro for at sentrum kan bli svekka om ein går for planane om å flytte studenthuset.

– Det har stor verdi å ha huset i sentrum, seier han.

Yngve Hallén på Fosshaugane Campus

KRITISK: Yngve Hallén, leiar i Sogndal Fotball, som også held til på Fosshaugane Campus, trur ein er best tent med at studenthuset bli i sentrum.

Foto: Rune Fossum / NRK

Treng større plass

Studentane er på si side klare på at noko må skje med dagens bygg. For aldri før har det vore så mange studentar i Sogndal.

– Vi treng meir plass. «Meieriet» tek 550 personar, og vi blir berre fleire og fleire. Studenthuset skal vere ein stad for alle, seier Mats Simonsen Jahn, tidlegare styremedlem i Studentsamskipnaden.

Sidan planane om det fem etasjes høge huset vart lagt fram før nyttår, har høgskulen i Sogn og Fjordane fusjonert og blitt til Høgskulen på Vestlandet. Og det er studentsamskipnaden i den nye høgskulen som avgjer kva som skal skje framover. Til Porten.no seier direktøren for den nye studentsamskipnaden, Per Kristian Knudsen at dei vurderer både å bygge nytt og å ruste opp det gamle.

Bødal trur det er ein tabbe å flytte dagens konsertscene.

– Om studenthuset flyttar, så blir det aldri det same. Ein vil aldri få det same renommeet blant musikarar som vi har i dag om det flyttar, trur han.

Det er førebels uklart når samskipnaden avgjer kva som skal skje i saka.

Nytt studenthus Sogndal

KAN BLI: Slik ser Studentsamskipnaden for seg at eit nytt studenthus kan sjå ut.

Foto: SISOF