Skal det stå ein kopi her? Usemje om framtida for steinkrossen

Dei kulturhistoriske samlingane i Bergen vil at dei folkevalde i Gulen skal setja opp ein kopi av den øydelagde steinkrossen i kommunen. Det er ikkje alle samde i.

Krossen i Eivindvik

KELTISK: Krossen var 2,85 meter høg og segna seier at krossen vart reist av Olav den heilage i 1023. Kulturminnet ved det gamle Gulatinget vart delt i to då ei grein datt ned på krossen i arbeidet med å sage ned eit tre.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

For to veker sidan garanterte kommunestyret for å få det skada kulturminnet reparert. Men slett ikkje alle politikarane vil ha opp att ein kopi av krossen utanfor kyrkjegardsmuren i Eivindvik.

Førsteamanuensis Alf Tore Hommedal ved Dei kulturhistoriske samlingane i Bergen har ei klar oppfordring til politikarane i Gulen: Lag ein kopi av den øydelagde steinkrossen og set han opp utanfor kyrkjegardsmuren i Eivindvik, der den gamle stod.

– I ein slik samanheng er det viktig at krossen blir ståande ved kyrkja, gjerne som ein kopi, seier han.

Kan koste over ein halv million

Alf Tore Hommedal

HASTAR: Alf Tore Hommedal legg ikkje skjul på at tida no er i ferd med å renne ut for å kome i gang med reparasjonsarbeidet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hommedal meiner krossen har stor kulturhistorisk verdi – ikkje berre i seg sjølv, men like mykje i samanheng med ein annan stor kross like ved, som saman har ramma i det som kan ha vore det historiske gulatinget.

– Då kan han spele opp mot den andre krossen og opp mot amfiet der ein reknar med at Gulatinget blei halde

I starten av september vedtok kommunestyret i Gulen å garantera for det vil kosta å reparera steinkrossen, ein prislapp som kan koma på inntil 550 000 kroner.

– Kopi er kopi

Arve Mjømen

SKEPTISK: Arve Mjømen (H) ønskjer ikkje å setje opp ein kopi.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Bekymringa har nemleg vore stor etter at det nesten tusen år gamle kulturminnet blei skada i fjor vår då det skulle fellast nokre tre rundt kyrkjegarden. Krossen skal takast vare på i kommunen og skal vera synleg for folket, det er politikarane samde om, men å setja opp ein kopi er det usemje om.

Ein skeptisk varaordførar Arve Mjømen i Høgre tykkjer ikkje det er rett å setje opp ein kopi.

– Førebels har eg ikkje positive tankar om det, for ein kopi er ein kopi. Eg føler vi må konsentrere oss om originalen, eg likar ikkje kopiar.

Vil setje originalen tilbake

Men Odd Harald Per Eide i Gulen Ap likar forslaget om ein kopi.

– Det viktigaste er at det står ein kross der, så lenge originalen framleis er tilgjengeleg for publikum, seier han.

Senterpartiordførar i Gulen, Hallvard Oppedal vil ha originalen på same staden den alltid har stått.

– Eg ønskjer at krossen skal reparerast på staden og at den autentiske krossen skal stå der den alltid har stått.

Kan hamne på Flolid

Men ei slik løysing åtvarar både Dei kulturhistoriske samlingane i Bergen og fylkeskonservatoren i Sogn og Fjordane sterkt i mot.

Krossen må vera innomhus for å hindra ytterlegare skadar og slitasje. Det planlagde visingssenter på Tusenårsstaden på Flolid siglar då opp som det heitaste alternativet, støtta av blant andre frå Finn Johansen i Framstegspartiet.

– Om den ikkje skal stå på den originale staden, er eit visingssenter på Flolid det beste alternativet. Då må det bli laga ein kopi med henvisning til kvar originalen står.

Må vere klar til sommaren

Lagnaden til den øydelagde steinkrossen kjem til å bli ei varm potet for kommunestyret utover hausten. For alle vil ha krossen klar til det planlagde grunnlovsjubileet i Gulen neste sommar.

Og skulle politikarane går ein kopi, treng dei ikkje reisa langt, seier Alf Tore Hommedal.

–Dei som kan hogge ein slik kopi og som har det same materialet som originalen er av, held til i Hyllestad. Der er det spesialistar som kan hogge ein kopi, seier han.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.