NRK Meny
Normal

Samferdsleministeren blir bombardert med brev i E-39 striden - lokallag trassar fylkeslags vedtak

Tre lokallag i Frp og Høgre har sendt brev til samferdsleministeren med krav om at framtidig E-39 blir lagt i midtre trasé.

Ketil Solvik-Olsen

VIKTIG ADRESSAT: Alle leirar i kampen om kvar E-39 skal gå i Nordfjord sender no brev til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen, for å understreke deira synspunkt. Tidlegare i år fekk Solvik-Olsen med eigne auge sjå kva striden gjeld.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det blir gitt eit inntrykk om at Høgre og Frp står samla om indre. Slik er det ikkje heilt, difor følte vi det var rett å vere tydlege på at vi meiner midtre er det beste alternativet, seier leiar i Eid Høgre Tore Hjelle.

Tore Hjelle

IKKJE SAMD: Tore Hjelle i Eid Høgre er ikkje samd med fylkeslaget i kvar framtidig E-39 bør gå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Saman med lokallaga til Frp og Høgre i Gloppen, Selje og Eid, har dei sendt brev til samferdsleministeren, der dei krev midtre linje for framtidig E-39. Tidlegare i veka gjekk også lokallaga i Volda ut og støtta løysinga med bru Lote-Anda og veg vidare til Stigedalen.

Siste innspurt frå alle partar i kampen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen si postkasse har siste veka truleg blitt fylt opp av brev og krav om kvar E-39 skal gå. Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Frp har sendt påminning om kva fylkeslaget meiner, og andre politikarar og lokallag i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har den siste veka også tydeleg lagt fram sine synspunkt.

Det kan oppfattast som ei siste mobilisering i striden om vegvalet, noko ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad innrømmer.

– Det er det også, og vi ser at det skjer på begge sider av dette spørsmålet. Vi ser at det er viktig at vi her kjenner vår besøkelsestid, seier ordføraren.

Saman med sju andre kommunar på Sunnmøre har han også sendt brev til statsråden, men dei ynskjer seg indre linje om Stryn.

Trur på snarleg avklaring

Parlamentarisk leiar i Frp, Harald Tom Nesvik, seier han ventar ei snarleg avgjersle i saka.

– Etter synfaringa med statsråd og statssekretærar, så er det grunn til å tru at det ikkje er så lenge til avgjersla kjem. Den førre regjeringa klarte ikkje å bli samde, men eg forventar at denne kjem til ein snarleg konklusjon, seier han og legg til at han sjølv ikkje vil spå utfallet.

Ferjefri E39

KVAR SKAL BRUA GÅ: Stridens kjerne er om ei eventuell bru over Nordfjorden skal gå over Anda-Lote eller i Stryn. No presiserer også lokallaga i regjeringsparti at det er usemje om svaret.

Foto: Statens vegvesen (illustrasjon)

– Det vil vere meiningslaust å gå ut og forskottere noko som helst. Frå Frp i begge fylka har det kome klare tilrådingar og eg ser i spaning fram til endeleg avgjersle frå statsråden.

Ber om at ministeren ser vekk frå politisk taktikk

Innanfor fylkespartia er det likevel ikkje semje om kva som er det beste vegvalet.

I brevet til samferdsleministeren har Eid Høgre og dei andre lokallaga, som går mot sine eigne fylkeslag, kravd bru over Anda-Lote. Dei ber samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om å vektlegge faglege vurderingar.

– Dersom ein ynskjer å få den beste traseen for E-39, er eg ikkje i tvil om at ein skal velje midtre, alle tal tyder på det. Heldigvis har samferdsleministeren vore tydleg på at han vil sjå på lengre nedbetalingstid, samfunnsnytte og regional utvikling. Gjer han det, så vil svaret gje seg sjølv, seier Hjelle.

Vegopning på Bergum i Førde kommune