Usemje i Sjukepleiarforbundet

Leiaren i Sogn og Fjordane sjukepleieforbund får kritikk av sine eigne for måten han har kritisert direktøren i Helse Førde.

Oddgeir Lunde

Oddgeir Lunde, forbundsleiar i Sogn og Fjordane Sjukepleiarforbund

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mellom anna skal over 20 medlemmer i Sogn og Fjordane Sjukepleieforbund ha skrive eit kritisk brev til forbundsleiar Oddgeir Lunde.

Fylkesleiaren har sagt at forbundet ikkje har tillit til Jon Bolstad, direktør i Helse Førde, og vedgår at det har vekt reaksjonar i eigne rekkjer.

– Vi har fått ein del positive tilbakemeldingar frå både eigne medlemmer og frå andre forbund sine medlemmer. Vi har også fått nokre negative tilbakemeldingar der medlemmer er usamde med det vi har gjort, seier Lunde.

«Uryddig og unyansert»

Fleire noverande og tidlegare tilsette har kritisert Bolstad sin leiarstil, og hevda den er manipulerande og trakasserande.

Lunde som er fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet har støtta kritikarane i media, og har sagt at forbundet ikkje lenger har tillit til Bolstad som leiar. Fleire sjukepleiarar tek no avstand frå dette.

Mellom anna skal Lunde ha fått ein e-post, underskriven av vel 25 sjukepleiarar, fleire av dei oversjukepleiarar.

Dei seier kritikken Lunde kom med av Bolstad sin leiarstil er uryddig og unyansert. Men dei vil ikkje fronte kritikken i media.

– Vi skal handsame dei kritiske tilbakemeldingane på ein god måte i forbundet, seier Lunde.

Står fast på standpunktet

Kritikarane meiner også at forbundet ikkje burde gått ut i media med mistilliten, men heller rydda opp internt.

Lunde forstår at folk er usamde i måten forbundet har handtert saka på, men står fast ved at forbundet ikkje har tillit til Bolstad.

– Det er klart at medlemmer ikkje har det sakstilfanget som vi som forbund har. Det kan ein heller ikkje forvente, seier Lunde og legg til:

– Dei kritiserer oss utifrå deira kunnskapsnivå. Med bakgrunn i dei sakene vi har står vi fast på vårt standpunkt.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.