– Det har vist seg at min filosofi for hotelldrift og Choice sin ikkje lenger har passa i hop.
Hotelleigar Roy Solbakken har eigd Førde hotell i ei årrekkje. Men no bryt han med Choice-kjeda.
– Vi greidde ikkje lenger å bli samde om korleis hotellet skulle drivast. I staden for å krangle, valde vi å skiljast som vener, fortel Solbakken.
- LES OGSÅ:
Frå 4. november blir Quality Hotel Førde til Thon Hotel Førde. Solbakken har signert ein franchiseavtale med Thon Hotels og blir ein del av City-konseptet i kjeda.
Utviding av hotellet
I dag har hotellet 69 gjesterom og konferanselokale med kapasitet opp til 320 personar. Hotellet har eigen restaurant og SPA-avdeling.
Det ligg føre konkrete planer om utviding av hotellet for å få fleire hotellrom. Ei generell oppgradering av eksisterande rom og fellesområde er også under planlegging. Oppgraderinga av hotellet vil starte mot slutten av året, heiter det i ei pressemelding.
– Eg gler meg veldig til ny kjede og nytt hotell. Med den planlagde utbetringa vil vi få ein ny start og full effekt av det nye samarbeidet vårt med Thon Hotels, seier Roy Solbakken.
Det einaste Thon-hotellet i fylket
Hotellet i Førde vil bli det første Thon-hotellet i Sogn og Fjordane.
– Dette er vårt første hotell i Sogn og Fjordane. Vi har lenge ønska oss eit hotell i dette fylket. Førde by, som er fylkessenteret, er ein naturleg stad for oss å etablere det første Thon-hotellet, seier Morten Thorvaldsen, administrerande direktør i Thon Hotels.
Driftsdirektør i Quality Hotel, Terje Ropstad, fortel at Roy Solbakken ville utvikle hotellet i Førde i ei anna retning enn det Choice og Quality Hotel ønska.
– Det er difor naturleg å skilje lag. Det er ingen dramatikk i dette, seier han.