Hopp til innhold

Usamde om storleiken på nytt bygg på Skåla

Lokale krefter fryktar at Bergen Turlag og vernestyresmaktene tenkjer for puslete når det skal byggast eit nytt bygg på Skåla.

skåla
Foto: Lyngve Skrede

Steintårnet på fjelltoppen er i ferd med å bli øydelagt av den store turisttrafikken og det blir no planlagt eit nytt bygg attmed tårnet. Men kor stort det skal vere er det delte meiningar om.

Ønskjer bygg med panoramautsikt

Håkon Loen

OVER 300 TURER TIL TÅRNET: Håkon Loen ønskjer å tilby fotturistane panoramutsikt frå nybygget på Skålatårnet.

Foto: Birger Meland / NRK

Håkon Loen har vore tilsynsmann for Skålatårnet i 25 år og har 300 turar til toppen. Han har sine draumar om korleis nybygget på Skåla skal sjå ut.

– Eg hadde sett for meg eit opphaldsrom med skikkeleg panoramautsikt mot Lodalskåpa og breen, og dette i ein behageleg temperatur. Eg er ikkje sikker på om dei får dette inn i det nye bygget, seier han.

Fjellet med det særeigne steintårnet på toppen har blitt eit av landets mest populære turmål. Loen seier trafikken opp til tårnet kjem til å auke og auke.

– Då må opplevinga passast på oppe på toppen. Det ligg det ikkje til rette for i dag. Nybygget må ha ein viss kapasitet slik at det kan huse eit turfølgje utan at dei nyttar tårnet.

Toler ikkje større trafikk

Skålatårnet Kjøkkenkrok

TÅRNET: Kjøkkenkroken på Skålatårnet.

Foto: privat

Men det 120 år gamle tårnet er ikkje skapt for aukande trafikk heile året gjennom. Så for å unngå fuktskadane ved å varme det opp på vinteren, skal det no byggast eit avlastningsbygg like ved tårnet.

Det er Bergen Turlag som eig Skålatårnet og også står for planar om eit nytt avlastingsbygg. Ansvarleg Karl H. Olsen vedgår dei tenkjer litt mindre enn Håkon Loen. I tillegg har dei fått tydelege signal frå Fylkesmannen om kva dei bør søkje om og ikkje.

– Vi ser for oss ein bygning som ikkje tek lurven av tårnet. Det må stå fram like tydeleg som før, difor ser vi for oss eit nøytralt bygg. Dette er eit verneområde og eg ønskjer å halde meg til det.

Vil ha bygg det går gjetord om

Direktør Også Rikard Grov ved Hotel Alexandra i Loen er redd dette blir for puslete.

– Det er berre å sjå på historia til Skålatårnet. For over 100 år sidan bygde dei tårnet som blei eit ikon. Då strekte dei grensene og gjorde det skikkeleg. Det bør vi gjere igjen slik at vi kan ta godt vare på tårnet og i tillegg få eit nytt bygg som det igjen kan gå gjetord om.

Meiner planane er interessante

Partane skal møtast i september for å diskutere byggeplanane. Men til slutt er det Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre som har siste ordet, viss ikkje fylkesmannen går inn og klagar dette vidare til departementet.

Leiar Ivar Kvalen seier dei endå ikkje har drøfta saka, men at planane er interessante.

– Eg meiner vi bør tillate nokre godt tilrettelagde attraksjonar i nasjonalparken. Eg ser det som naturleg at Skåla er ein av dei.

Hotelldirektøren i Loen meiner vern ikkje må øydelegge for ei løysing for framtida.

– Det er veldig mange døme på at dette kan løysast veldig skånsamt og elegant, seier Grov.