Hopp til innhold

God journalistikk - eller ikkje?

Samfunnsdebattant Georg Arnestad meiner det ikkje er rett å leggje vekt på politikarar som gir støtte til Liv Signe Navarsete, fordi desse politikarane vil beskytte kvarandre - og fordi fleire kan ha svin på skogen. Ap-politikar Harry Mowatt seier saka er ute av proporsjonar.

Navarsete under dåp

Liv Signe Navarsete under skipsdåpen av MF Bergensfjord i november 2006.

Foto: Simon Solheim / NRK

Georg Arnestad

Georg Arnestad

Foto: NRK

– Normalt er det VG som køyrer slike saker, anten det er statsrådar eller andre. VG har dei dyktigaste politiske journalistane, og set fullt køyr på dette. Og det å få ein ny skalp i beltet tener til ære for journalistane, seier Arnestad som er forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dei siste dagane har kritikken mot senterpartileiar Navarsete vore svært krass, og har måtta takle eit hardkøyr i media. Ho har mellom anna blitt skulda for korrupsjon, og ho er no også meld til politiet av Raud Ungdom .

Alt oppstyret skuldast at ho i 2006 tok imot eit armband til over 26 000 kroner i gåve under ein skipsdåp i Florø.

Navarsete får støtte

Harry Mowatt

Harry Mowatt (Ap)

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Arbeiderparti-politikar Harry Mowatt meiner media driv ei regjeringsjakt, og at dei angrip statsrådane ein for ein.

– Liv Signe har beklaga saka, og der burde saka ha stogga. Dette har fullstendig gått ut av proporsjonar, og VG og andre medier driv ei sjokkerande jakt på enkeltpersonar, seier Mowatt.

Arnestad og Mowatt møttast til debatt i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane onsdag, og var grunnleggjande usamde om pressa si handteringa av den omdiskuterte gåvesaka. I Politisk Kvarter tidlegare på dagen måtte statsråden svare for seg på direkten:

Mowatt: – Dette er ein svertekampanje

– Verken VG eller andre er på noko regjeringsjakt. Det er normalt VG som plar køyre slike saker anten det er om statsråder frå det eine eller det andre partiet. Dette er god journalistikk, og dette er etter mi meining noko journalistane skal ta ære for, seier Arnestad.

Mowatt på si side trur fleire mediebedrifter, og siktar spesielt mot VG, driv ein kampanje mot regjeringa og at dette er ein del av strategien deira.

(Artikkelen held fram under biletet)

Navarsetes armbånd

Her er bilete av armbandet som Liv Signe Navarsete fekk i gåve av Aker Yards.

Foto: Odd Helge Brugrand / Scanpix

– Det vil vere eit nederlag for politikken dersom mediepavane i Akersgata i Oslo skal få ta knekken på Liv Signe, seier Mowatt.

– Vi skal ikkje leggje altfor stor vekt på at Liv Signe får støtte i denne saka frå politiske motstandarer i andre parti. Her vil nok politikarane beskytte kvarandre, for det er nok andre som har tilsvarande «svin på skogen» vil eg tru, seier Arnestad.