NRK Meny
Normal

Usamde om kor dårleg bøndene kjem ut

Bondelaget meiner jordbruksavtalen er til å leve med. I Småbrukarlaget samanliknar fylkesleiaren forhandlingane med staten med kjensla av å stange hovudet i ein mur.

Magnar Juklestad og Anders Felde

INGEN JUBEL: Fylkesleiarane Magnar Juklestad (t.v.) i Bonde og Småbrukarlaget og Anders Felde i Bondelaget skulle gjerne hatt meir til bøndene, men les avtalen ulikt. Arkivfoto

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er ingen god avtale, men den er akseptabel. Vi har utnytta dei politiske moglegheitene som finst, seier fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.

Søndag ettermiddag vart det klart. Norges Bondelag og staten er komne til semje i landbruksoppgjeret etter å ha forhandla seg fram til ei totalramme på 350 millionar kroner. Kravet til landbruksorganisasjonane var på totalt 860 millionar kroner.

Anders Felde på veg inn i traktoren

– IKKJE MEIR Å HENTE: Bondelagsleiar Anders Felde meiner ein har fått til ein så god avtale som mogleg, med dagens borgarlege fleirtal i Stortinget.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er ingen god avtale viss ein ser på utfordringane norsk landbruk og matproduksjon står overfor. Samstundes må vi stelle oss til politikarane vi har, både i regjering og i regjeringa sine støtteparti. Eg føler kanskje at Bondelaget har greidd å utnytte det potensialet som ligg der, utdjupar Felde.

Meiner Bondelaget burde trekt seg

Fristen for årets jordbruksforhandlingar gjekk ut ved midnatt fredag kveld. Forhandlingane heldt fram på overtid, og laurdag valde Bonde- og Småbrukarlaget å trekke seg frå vidare samtalar. Først eitt og eit halvt døgn på overtid var altså ein ny jordbruksavtale mellom staten og Norges Bondelag i hamn. Denne blir også gjeldande for Småbrukarlaget.

Fylkesleiaren i Småbrukarlaget er forundra over at Bondelaget valde å bli sitjande ved forhandlingsbordet.

– Eg synest det var rart at dei ikkje braut. Dei forhandla vidare og fekk til eit tillegg på 10 millionar kroner. Det er det dårlegaste jordbruksoppgjeret vi har hatt. Alle fylkesleiarane som var på telefonmøte var samde i brotet, seier Magnar Juklestad.

Felde meiner på si side at Bondelaget gjorde rett i å bli sitjande. Han viser til budsjettmidlane, altså den del av påplussingane som ikkje skal takast på matvareprisar, men for staten si rekning, er auka monaleg i løpet av forhandlingane.

– Ein har fått snudd minus 70 millionar på budsjett til pluss 100. Altså 170 millionar der mykje av det går målretta til dei minste, Det er pengar som er så viktig for dei minste at eg er komfortabel med at vi har signert.

Landbruksoppgjøret

SIGNERTE AVTALE: Leiar i Norges Bondelag og forhandlingsleiar for jordbruket, Lars Petter Bartnes (t.v.), landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp), og staten sin forhandlingsleiar, departementsråd Leif Forsell under ein pressekonferanse søndag.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Meir til dei små

Den store målsetjinga under årets oppgjer var jamne ut inntektsforskjellane mellom dei store og dei små bruka. Sistnemnde er typisk for Vestlandet.

– Vi har fått ein siger i høve til at ein må tilgodesjå inntekta til dei minste driftseiningane. Men det er ikkje alt som er roseraudt. Det er framleis utfordringar som vi ikkje har fått gjennomslag for. Vi har eit godt stykke fram før vi har ei inntektsutvikling for dei minste bøndene som vi kan vere fornøgde med. Vi ligg litt bak skjema, erkjenner Felde.

Han vedgår at Bondelaget nok ikkje har fått regjeringa til å bla opp dei store summane etter Småbrukarlaget sin exit, men meiner dei har hatt viktig påverknad på resultatet som også blir gjeldande for Småbrukarlaget.

– Det er vi som har fordelt pengane etter beste evne. Slik sett har vi fått brukt pengane på ting som er viktige for oss. Vi må stelle oss til det vi føler er mogleg innan for det politiske spelerommet vi til ei kvar tid har.

Magnar Juklestad

HÅPAR PÅ STORTINGET: Fylkesleiar Magnar Juklestad i Bonde- og småbrukarlaget set si lit til at det dryp nokre ekstra millionar når jordbruksavtalen skal handsamast i Stortinget i juni.

Foto: Bård Siem / NRK

Småbrukarlaget: – Eit minusoppgjer

I Småbrukarlaget har ein ei hakket meir pessimistisk i si tilnærming.

– Det ser ikkje ut til at vi får gode jordbruksoppgjer med denne regjeringa. For sauehaldet som eg representerer, så er dette eit minusoppgjer. Ein kan gjerne rekne det ut til eit ein gjennomsnitt på 10.700 per årsverk, men det er framleis veldig dårleg fordeling. Det er som å stå og stange hovudet mot ein mur, seier Juklestad.

Han set no si lit til at partia i Stortinget vil legge meir pengar på bordet når dei sluttfører avtalen.

– Vi har eit håp og vil arbeide hardt for at Stortinget plussar på denne jordbruksavtalen. Det har vore gjort før.

Felde reknar derimot ikkje med at det er meir å hente i Stortinget.

– Nei, og det er nok også den betraktninga som er den viktigaste for at forhandlingsutvalet i Norges Bondelag valde å skrive under. Ein følte seg trygge på at det ikkje var meir å hente i Stortinget. Hadde vi vore trygge på det motsette, hadde vi heilt sikkert brote forhandlingane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå