NRK Meny
Normal

Usamde om bruken av Nordfjordnamnet

Kan Gloppen og Eid kalle seg Nordfjord kommune om dei slår seg saman frå 1. januar 2020? Meiningane er delte, og ikkje alle i fogderiet Nordfjord har sansen for det.

Ottar Nygård og Alfred Bjørlo
Foto: Montasje: Silje Guddal/Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ein av dei som stiller spørsmål ved namnevalet er tidlegare ordførar i Selje, Ottar Nygård. Han meiner dersom Gloppen og Eid vel å kalle seg Nordfjord kommune, så er det skulert uforstand.

– I det legg eg at det å kalle ein nye kommune for Nordfjord er vel ikkje akkurat det mest geniale namnevalet eg har sett føre meg. Eg meiner at både i Eid og Gloppen er det så mykje skulerte folk at eg håpar dei vil gjere ei ny vurdering av namnebruken, seier Nygård.

Samde om avtale

Forhandlingsutvala i Eid og Gloppen er altså samde om å inngå ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane til éin ny kommune frå 1. januar 2020. Måndag vart avtalen lagt fram for kommunestyra. Då vart det også klart at den nye kommunen skulle få namnet Nordfjord kommune.

Stryn vil jo heller være møringer, og Stadt er eit godt namn for ytre. So eg synes Nordfjord er eit passende namn.

Tom-Even

Men ikkje alle er like begeistra for namnevalet. Det syner godt igjen i kommentarfelta på Facebook-sidene til NRK.

Det er ikke rett å kalle seg Nordfjord kommune, og ha monopol på navnet.Vi er langt flere som betegner seg som Nordfjordinger. Veldig frekt gjort.

Aagot

Då ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo (V), møtte Nygård til debatt i ettermiddagsendinga til NRK Sogn og Fjordane var han open for å diskutere namnevalet.

– Det å tenke på namnebruken og ta ein skikkeleg debatt på det er i alle fall eg open for seier, Bjørlo.

Hvorfor ikke kalle det Sandeid kommune?

Åge

Ottar Nygård hadde også eit eige namneforslag til Eid og Gloppen dersom dei vel å slå seg saman.

– Kva med å kalle det Fjordane kommune?

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.