Det gjeld først og fremst naturfag og ingeniørutdanning, men også førskulelærarutdanninga har sterk nedgang i søkjartalet.
- Det er alvorleg, seier Johs. Thaule.
- Det store lyspunktet er at det er 45 prosent auke i talet på søkjarar til vidareutdanningstilboda, seier han.
Mindre populær
I tillegg er det sterk nedgang i søkinga til førskulelærarutdanninga. Og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) er heilt tydeleg ikkje mellom dei mest attraktive lærestadene. For medan talet på søkjarar til alle norske universitet og høgskular auka med åtte prosent, gjekk talet på primærsøkarar på HSF ned med ein prosent. Og mest alvorleg er det altså for naturfag og ingeniørutdanning. Spørsmålet er om skulen må gjere noko drastisk.
Andre lokaler
I dag leiger Høgskulen 3500 kvadratmeter til naturfag i Flåtengården - med ei flytting til Campus Fosshaugane vil det bli redusert til 2000 kvadratmeter, og det er meir i samsvar med søkartalet til studia.