Uromelding om lukt i Øvre Årdal
Sunde Resirk sitt anlegg i Øvre Årdal skal ha lukta svært ille, melder Sogn Avis. Det var naboar som melde frå til kommunen om lukta, og no syner det seg at det var eit produkt som var lagra i lokala som var opphavet til lukta. No er det sett i gong tiltak for å få bukt med lukta, melder avisa.