Uroa over rekordmange kvalpekull - fryktar oppblomstring av tapstal

Aldri før har det vore registrert så mange kvalpekull med jerv i Norge. Bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane er uroa, og fryktar tapstala for sauebøndene skal bli høge neste sommar.

Jerv

FRYKTA: Med sitt ekstremt kraftige bitt kan jerven svært lett ta livet av sauer og lam. At det er registrert rekordmange kvalpekull i Norge i år uroa bøndene.

Foto: BBC

Den ferske rapporten frå Rovdata er ikkje lystig lesnad for sauebøndene landet rundt. Det ligg nemleg an til å bli rekordmange jervar i aktivitet i år, ikkje på 12 år har det blitt registrert så mange jervekull.

Det er registrert 68 kvalpekull landet over, noko som er nesten dobbelt så mange som politikarane har gitt grønt lys for.

– Dette er ei skremmande utvikling, seier Per Hilleren som er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Fryktar oppblomstring i tapstala

I 2011 betalte Direktoratet for naturforvaltning ut nesten 70 millionar kroner til norske sauebønder for sauer og lam som vart rivne i hel og drepne på beite. Mesteparten av skadane var det jerven som stod for.

I år ser ting mykje lysare ut for Sogn og Fjordane sin del.

I byrjinga av september var det ikkje kome inn ei einaste melding om beitedyr som var tekne av jerv. Slik har ikkje situasjonen vore sidan 2002.

Det ekstraordinære uttaket av seks jervar i vinter og vår er ei viktig årsak til at tapstala har blitt kraftig redusert, meiner næringa.

Men når det no viser seg at det er rekordmange kvalpekull med jerv i Norge fryktar leiaren i det lokale Bondelaget at tapstala skal blomstre opp att neste sommar.

– Jerven let seg ikkje stogge av fylkesgrensa

Det eine kvalpekullet som vart registrert i Sogn og Fjordane har blitt avliva, men i nabofylket Oppland er det registrert fire kvalpekull.

Hilleren seier jerven flyttar seg over store avstandar, og det er kort veg frå fylkesgrensa i Oppland til viktige beiteområde i Indre Sogn.

– Dette er nokre av dei tyngste saueområda vi har i Sogn og Fjordane.

– Jerven går lett over fylkesgrensa om han vil det, han let seg ikkje stogge av fylkesgrensa, seier Hilleren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sau drepen av jerv i Luster

DREPEN: Denne sauen i Luster er ein av mange beitedyr i Sogn og Fjordane som oppp gjennom åra har måtte gje tapt for jerven.

Foto: Statens Naturoppsyn

Vil ha jerven vekk frå grensa

Også politikarane i Sogn og Fjordane er skeptiske til at jerven kan få yngle så nære Sogn og Fjordane.

Fylkesutvalet meiner dagens ynglesone for jerv bryt med rovdyrforliket i Stortinget, og i april bad dei Miljøverndepartementet om å flytte ynglesona.

– Sogn og Fjordane skal ha beiteprioritet for sau og husdyr. Når ein då legg grensa for ynglande jerv heilt inn til fylkesgrensa, på høgfjellet der det ikkje er andre naturlege avgrensingar, så meiner vi at det bryt det prinsippet om at det kan vere beiteprioritet i området vårt, sea gruppeleiar for Sp, Jenny Følling til NRK.no i april.

Dei er frustrerte

Ifølgje tala frå Rovdata reknar ein med at det no er nesten 400 jervar i aktivitet i Norge. For bøndene er det frustrerande å sjå at talet aukar.

– Det er ikkje noko godt med slike meldingar, det fører med seg ein negativ og frustrert stemning, seier Hilleren som legg til at bøndene samtidig er vande med problemstillinga.

Bondelagsleiaren set no sin lit til at forvaltninga gjer dei grepa som er nødvendige for at sauebøndene i Sogn og Fjordane skal bli skåna for ein sommar med store tap av beitedyr på grunn av jerven. Sogn og Fjordane ligg i Region 1, eit område der det ikkje skal vere jerv, seier Hilleren.

– Det blir ei utfordring for forvaltninga å følgje med på kva som skjer og reagerer når det kjem signal på at det er kome jerv inn i vårt fylke, seier Hilleren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Per Hilleren

UROA: Per Hilleren i Bondelaget fryktar ein til sommaren skal sjå ei oppblomstring i tapstala på grunn av jerv.

Foto: Eline Buvarp Aardal / NRK

– Dei må gripe inn

Naturleg nok kan det ikkje stå folk på fylkesgrensa å stogge jerven. Bondelagsleiaren ventar no at Direktoratet for Naturforvaltning, Miljøverndepartementet og Statens Naturoppsyn er vakne i månadene framover.

– Kjem det meldingar om observasjon av jerv i vårt fylke må dei reagerer og gripe fatt i det.

– Dei må gjere grep for å sikre at vi ikkje får ei oppblomstring i tapstala på grunn av jerven, er bøna frå Hilleren.