NRK Meny
Normal

Uroa over at ulvejegrar er truga på livet

At ulven som streifar i Sogn og Fjordane må bøte med livet fell i dårleg jord hjå nokre. Jegerar som deltek i jakta på ulven har blitt truga på livet.

Stein Mortensakke er leiar for jaktlaget som skal prøve å få tak i ulven som herjar i fylket.

MELDE: Leiar for ulvejegerane i fylket, Stein Mortensbakke, har meldt dei grovaste trugslane mot ulvejegerane til politiet.

Foto: Steinar Lote

– Det verste var ein som ville organisere seg mot bøndene, og på ein kommentar på nettet stod det i klartekst at han ville skyte bønder, og stå til rette og ta straffa for det, fortel Stein Mortensbakke.

Han er jaktleiar for dei som deltek i ulvejakta i fylket. Etter at rovdyret er sett i Naustdal, Gaular, Førde og Gloppen, har Sau- og geitelaget i fylket organisert jaktlag som kan rykke ut dersom det blir gjort observasjonar av ulven. Tydelegvis er ikkje alle like glad for at ein prøver å få has på ulven.

Sjå saka om ulveobservasjonane i fylket:

Sauebønder i Sogn og Fjordane er uroa over at det sett ulv fleire stader i fylket.

Uroa for familiane sine

– Det har kome diverse via nettaviser og SMS. Vi vel å tru at det er useriøse folk som gjer det, og vi har gått til politiet med det mest graverande. Det er ikkje artig for jegerane å vere redde for at familien og ungar skal bli truga, seier jaktleiaren.

Kven som står bak trugslane er ikkje klart. Dyrevernorganisasjonar i fylket har sagt at dei ikkje stiller seg bak utsegnene som har kome fram.

Berre i Naustdal har sauebønder mist nær 160 dyr. Ulvejakta er utfordrande, og det er lettare å jakte på den når snøen kan avsløre kvar den har bevega seg.

– Styresmaktene har bestemt at det ikkje skal vere ulv her, og vi gjer ein jobb for at det skal vere slik. Det er veldig viktig å gjere dette no, det blir mykje vanskelegare til våren. Vi må stå på no som vi har sjansen, understrekar Mortensbakke.

Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".