Uroa over at russen droppar viktig vaksine

Berre 130 av 1000 elevar ved dei vidaregåande skulane i Førde har vaksinert seg mot hjernehinnebetennelse.

Helsesøter Anita Løkkebø

FÅ STIKK: Helsesøster Anita Løkkebø har ikkje fått sett så mange dosar med vaksine mot hjernehinnebetennelse i år.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg undrar meg litt over det, men eg klarar ikkje å finne noko forklaring på kvifor dei vel det vekk, seier helsesøster i Førde kommune, Anita Løkkebø.

Ho klør seg i hovudet over at så mange av elevane ved dei vidaregåande skulane i Førde har droppa den anbefalte vaksinen mot smittsam hjernehinnebetennelse.

«Dette skjer ikkje meg»

Denne veka vart tre russ på Austlandet lagde inn på sjukehus på grunn av den frykta sjukdommen.

Russen er meir utsett for å få bakterien då dei er fleire i lag samstundes som allmenntilstanden er redusert på grunn av mindre søvn.

Løkkebø har sett i underkant av 30 dosar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Ved Hafstad vidaregåande er det sett i underkant av 100 dosar.

Dermed har berre 130 av 1000 elevar takka ja til tilbodet om vaksine. Det vil seie at svært mange blant den ekstra utsette russen ikkje er vaksinerte.

Løkkebø kan berre spekulere i kvifor det er slik.

– Kanskje dei tenkjer at «dette skjer ikkje meg» eller «eg vert ikkje smitta», eller så er dei så flinke til ta forholdsreglar at dei er trygge på at dei ikkje treng vaksine, seier ho.

Helsesøstera håpar ungdomane tek forholdsreglar som til dømes å ikkje dele flasker.

– Ein treng ikkje å kysse alle, det er jo få som gjer det, men ein vert veldig rause under russefeiringa, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russ

VEL VEKK VAKSINE: Svært få russ vel å ta vaksine mot hjernehinnebetennelse sjølv om Folkehelseinstituttet oppmodar alle om å ta vaksina.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ei viktig vaksine

Kvart år er helsesøstrene ute på skulane og informerer om smittefaren og tiltak for å unngå å bli smitta. Dei kjem tilbake med vaksine til dei som vil ha.

Løkkebø synest ikkje det er oppløftande at så mange droppar vaksine.

– All vaksinering i Noreg er frivillig, det er utgangspunktet, men vi kan kome med anbefalingar og vere gode på å formidle informasjon om kvifor vaksinen er viktig.

Ho seier det aldri er for seint, men vaksine treng 14 dagar for å verke i kroppen og hindre smitte, seier ho.