Hopp til innhold

Uroa foreldre på Nordfjordeid

Talet elevar ved Nordfjordeid skule har hatt ein kraftig vekst dei siste ti åra. Berre sidan skuleåret 2013/14 har elevtalet auka frå 286 til 353, skriv Fjordabladet. No er det pressa så mange elevar inn i skulen, at fleire foreldre som Fjordabladet har vore i kontakt med er uroa. Det handlar om tronge garderobar, overfylte klasserom, og at nokre må bruke glaskarmen til garderobe.