NRK Meny

Uroa for verdsarvparken

Arild Dyrdal, som bur i Nærøyfjorden verdsarvpark heile året, vil ha betre forvalting av verdsarven. Han seier til BT at kulturminne vert nedslitne, at fjorden vert forsøpla og at det er mykje råkøyring på fjorden. Dyrdal meiner ein må leggje meir til rette for toalett og avfallshandtering for å hindre slikt. – Eg opplever at det er ganske stort spenn i synspunkta. Vår oppgåve er å bringe problemstillinga inn i politiske forum og det skal vi gjere, seier dagleg leiar i Nærøyfjorden verdsarvpark, Erling Oppheim, til avisa.