Hopp til innhold

Uroa for trafikkopplæringa

Dei nye fråværsreglane i vidaregåande skule kan få konsekvensar for trafikkopplæringa. Det seier køyrelærar Joar Solberg i Sogndal til Sogn Avis. Dei nye reglane seier at ein elev ikkje får halvårsvurdering eller standpunktkarakter i faget dersom han har meir enn ti prosent udokumentert fråvær. Solberg meiner dette går ut over både elevane og næringa.