NRK Meny
Normal

Uroa for skulane i distrikta i ny vestlandsregion

Små vidaregåande skular i distrikta risikerer å bli taparane om elevane i den nye vestlandsregionen får velje fritt innanfor storfylket. Det trur opplæringsdirektøren i Hordaland.

Svein Heggheim

HUGS DEI SMÅ SKULANE: Svein Heggheim, fylkesdirektør for opplæring i Hordaland, ber politikarane ta omsyn til framtida til dei små vidaregåande skulane når dei bestemmer seg for inntaksområde i det nye storfylket på Vestlandet.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Eg har ikkje noko imot at ungdom kan søke fritt, men om konsekvensen blir at vi tappar dei små skulane for elevar, så er det ikkje bra, seier Svein Heggheim.

Hovudregelen er at ungdom søkjer seg til ein vidaregåande skule i fylket dei bur i. Korleis politikarane vil organisere inntaket av elevar når Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman er enno ikkje bestemt.

Ungdomen sjølv vil la elevar velje fritt i den nye regionen. Det vil seie at dei skal konkurrere på lik linje om skuleplassane i det nye storfylket.

Fylkesdirektør Svein Heggheim i Hordaland ser derimot føre seg minst to inntaksområde i det nye storfylket. Han trur det er viktig for dei mindre vidaregåande skulane i distrikta.

– Vi veit at det er ein tendens til at ungdom søker seg til større senter. I tilbod vil Bergen vere i ei klasse for seg, med ei veldig breidde i utdanningstilbod. Å tru at det ikkje er attraktivt blir litt naivt. Eg trur det vil trekkje til seg ungdom.

Trur ikkje mange elevar vil krysse gamle grenser

Ruben Skrede

VANSKELEG SPØRSMÅL: Ruben Skrede er politisk nestleiar i Senterungdomen i Sogn og Fjordane. Han trur ikkje veldig mange elevar vil flytte langt for å gå på skule, men at ein må vere obs på konsekvensane det kan få for mindre vidaregåande skular.

Foto: Jølster kommune
Ragnhild Fagerbakke

TRUR UNGDOMEN VEL SOM DEI HAR GJORT FØR: Ragnhild Fagerbakke sit for Unge Høgre på fylkestinget i Hordaland. Ho trur ungdomar på Vestlandet vil halde fram med å velje skular som ligg nære der dei bur.

Foto: Privat
Emil Gadolin

FRYKTAR IKKJE STOR ELEVFLYT: Emil Gadolin (Ap) er leiar i opplæringsutvalet i Hordaland. – Eg trur ikkje det blir veldig mykje elevflyt frå Førde til Bergen og andre vegen. Eg trur elevane vil gå på skule nært der dei bur.

Foto: Sølve Rydland / NRK
Karianne Torvanger

DISKUSJONANE STÅR FØRE DEI: Karianne Torvanger (Ap) er leiar i opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Ruben Skrede i Senterungdomen i Sogn og Fjordane er i prinsippet for at elevane i vestlandsregionen skal kunne velje fritt blant skulane i det nye storfylket. Samtidig deler han uroa for framtida til dei mindre vidaregåande skulane.

– Det kan bli ei utfordring at folk trekkjer vekk frå skular i distrikta. Difor er det viktig at regionpolitikarane tek omsyn til det og framleis satsar på ein desentralisert skulestruktur, seier han.

Svært mange ungdomar i Hordaland og Sogn og Fjordane vel i dag skular som ligg nær heimen sin. Ragnhild Fagerbakke i Unge Høgre i Hordaland nektar å tru at det forandrar seg over natta.

– Det vil ikkje skje ein revolusjon fordi ein kan gå frå det eine fylket til det andre. Elevane vel den vidaregåande skulen som er best for dei, seier ho.

Jobbar for likeverdige tilbod

Det er Arbeidarpartiet som har leiaren i opplæringsutvalet i begge fylka. Dei er samstemte om kva som blir viktig for skulane i den vidare prosessen med vestlandsregionen.

– Vi har vore ein forkjempar for ein desentralisert skulestruktur. Vi skal ha gode tilbod i alle deler av fylket, også i ein ny vestlandsregion, seier Karianne Torvanger i Sogn og Fjordane.

– Det blir politikarane i den nye regionen som skal bestemme dette. Men vi har alt slått fast at vi skal ha eit godt, breitt og likeverdig tilbod i heile regionen, seier Emil Gadolin i Hordaland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.