Hopp til innhold

Uroa for polakkar på ferjene - ber Fjord1 sjå på saka på nytt

Maskinistforbundet er uroa for tryggleiken og sosial dumping når Fjord1 vil hyre inn polakkar til ferjene.

Ferja Aurland

MANNSKAPSMANGEL: Det blir utdanna for få maskinistar og styrmenn og difor vil Fjord1 hyre inn 10 maskinistar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Generalsekretær Hildegunn Avløyp i Norsk maskinistforbund seier dei tillitsvalde også fryktar tariffar som kan utkonkurrere norske maskinistar.

– Vi vil oppmode reiarlaget til å sjå på saka ein gong til. Dei bør ta ein dialog med våre tillitsvalde og leggje langsiktige planar, seier ho.

Leiger inn ti polakkar

Fjord1 slit med å rekruttere mannskap fordi det blir utdanna for få maskinistar og styrmenn. Selskapet har brukt pensjonistar for å halde rutene.

No har ferjeselskapet inngått avtale med eit bemanningsbyrå om å leige inn 10 polakkar i eit prosjekt som går over eit år. Der skal dei mellom anna få språkopplæring.

Åshild Kjelsnes

MÅ HA NOK FOLK: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier ho ikkje er uroa for utlendingar jobbar på ferjene.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes seier det er uproblematisk at Fjord1 hyrer inn polske styrmenn for å unngå at ferjene stoppar. Sogn og Fjordane fylkeskommune er den største eigaren i ferjeselskapet.

– Vi treng nok ferjemannskap for å få utført transporten. Det er sjølvsagt at det blir operert på same vilkår som norske tariffar og arbeidsordningar, seier ho.

Må konkurrere med nordmenn

Kommunikasjonssjef Ingrid Færøyvik i Fjord1 seier at polakkane etter eit år må konkurrere på lik linje med andre søkjarar til stillingane.

– Då som har gått gjennom eit slikt prosjekt, må halde seg til stillingsannonsane våre på vanleg måte og konkurrere på lik linje med alle andre, seier ho.