NRK Meny

Uroa for omlegging ved redningbasen

Liv kan gå tapt når private skal overta drifta av redningsbasen i Florø etter 330-skvadronen. Det seier stortingsrepresentant frå Ap, Ingrid Heggø, til Firda. Bakgrunnen for uroa hennar er at militært personell får lov å fly i dårlegare vêr enn sivile flygarar. Justisminister Anders Anundsen seier dei vil setje krav til dei private for å vege opp for fordelane ved å fly under militært regelverk. Forsvaret sin 330-skvadron har drive basen sidan 1970, men frå 2017 vert den overlaten til private.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.