Frøiland er uroleg for beredskapen kring oljeindustrien på Mongstad.
Heilt sidan Fiskeridepartementet avgjorde at den statlege oljevernbasen for kysten på Vestlandet skulle flyttast frå Fedje til Florø, har Ytre Sogn og Nordhordland vore urolege for nedbygginga av oljevernet i området kring Mongstad. Uroa vart forsterka då lasteskipet "Dallington" mista motorkraft og kom i drift ved Byrknesøy i slutten av februar.
Mellomdepot i Solund, Gulen og Fedje
Etter at Fedje mista hovud-depotet til Florø, er det bestemt at det skal opprettast mindre mellomdepot på kysten. Eit slikt er lokalisert til Solund, eit nytt er i ferd med å bli plassert på Byrknesøy og det er framleis utstyr plassert på Fedje.
Ingen beredskapsstyrke
Oljeverndepotet på Fedje. (Foto: NRK)
Staten kostar utstyret, lagerplass og opplæring av kommunalt mannskap. Det blir ikkje nokon fast beredskapsstyrke. Kommunane i området disponerer utstyret og stiller med mannskap når det er behov, skriv fiskeriministeren i eit svar til hordalandsrepresentanten
Ranveig Frøiland. Frøiland vil også vite om Stortinget kan få høve til å drøfte moglege endringar i oljevernberedskapen kring høgrisiko-området Mongstad-Sture, og statsråden stadfestar at det blir det høve til i samband med oljevernmeldinga løpet av året.