Hopp til innhold

Uroa for Lærdals-økonomien

På sitt andre forsøk har Lærdal kommune fått godkjend både budsjett og økonomiplan. Fylkesmannen er likevel ikkje heilt nøgd med tala.

Oddvar Flæte

Fylkesmann Oddvar Flæte er uroa for kommuneøkonomien i Lærdal.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Sjølv om det er ein velståande kommune, så er dei i ferd med å flytte seg høgt opp på gjeldstoppen i fylket, seier fylkesmann Oddvar Flæte.

- Uroleg situasjon

I første omgang avviste Flæte både budsjett og økonomiplanen til Lærdal. Etter ny handsaming i kommunestyret fekk dei likevel godkjentstempelet frå fylkesmannen. Han er uroa for den auka langsiktige gjelda og kva det kan bety for tenestene til innbyggjarane i kommunen.

- Dei har også gått inn i investeringar som er så pass store at dei vil gå utover handlefridomen. Dei er også som kjent i ein noko uroleg situasjon reint administrativt, seier Flæte.

Sanden ikkje uroa

Budsjettet og økonomiplanen var også årsaka til striden mellom ordførar Arne Sanden og rådmann Bent Arild Grytten. Grytten har søkt seg til Hareid kommune, men vil ikkje kommentere budsjettet i Lærdal.

Arne Sanden

Ordførar Arne Sanden er ikkje uroa for økonomien i Lærdal kommune.

Foto: Håvard Holme

Sanden er glad for at budsjettet no er godkjent, men tek ikkje innover seg uromeldinga frå fylkesmannen.

- Vi er vel kanskje ikkje så sterkt uroa som det fylkesmannen er. Det er også velkjent at Lærdal kommune om nokre år vil få større inntekter frå kraftproduksjon, seier han.