NRK Meny

Uroa for kvikksølv i kveite

Fleire fryktar at også kveite fiska i Sognefjorden kan ha høge kvikksølvverdiar, det skriv Sogn Avis. Mattilsynet har tidlegare åtvara mot å ete brosme fiska i Sognefjorden. Torstein Halsteinsen har drive med prøvefiske av brosme og kveite i mange år, og er no uroa for at det same gjeld for kveita. Forskar Sylvia Frantzen i Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking deler uroa. Det er til no ikkje gjort undersøkingar for å finne kvikksølvnivået i kveite.

Vegopning på Bergum i Førde kommune