Hopp til innhold

Uroa for fjordhesten si framtid etter overraskande kuttforslag

Langt ned i Statsbudsjettet skjulte det seg ei lite hyggeleg overrasking for Norsk Fjordhestsenter. Eit kutt på 750.000 kroner kan få store følgjer om det blir vedteke.

Magni Hjertenes Flyum

KUTT: – Vi er ein arena for undervisning, kursing og ikkje minst avl på fjordhest. Med mindre pengar blir det mindre aktivitet og færre hestar på stallen, seier dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter, Magni Flyum.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Vi har ei samla løyving på 2,3 millionar, og når det blir kutta 750.000 kroner, så er det klart at det gjev dramatiske følgjer for den rådgjevinga vi kan gje og kompetansesenterfunksjonen vi har.

Kor mykje og kva regjeringa ynskjer å bruke pengar på det komande året vart lagt fram i deira forslag til statsbudsjett sist veke. Der kjem det mellom anna fram at støtta til senteret, som jobbar for å fremje fjordhesten og spreie kunnskap om avl og bruk, kan bli mykje lågare enn i år. Det overraska Flyum.

Fjordhesten Braute

UTRYDDINGSTRUGA: Fjordhesten Braute vart ikkje teken inn til avlsbruk, men skal rasa vere levedyktig i framtida må det kome fleire føl enn i dag, meiner Norsk Fjordhestsenter.

Foto: Monica Gjøringbø

– Vi fekk ekstra løyving i 2015 som vi fekk vidareført i 2016. Når vi er tilbake på 2014-nivå i 2017, så var det uventa. Det står heller ikkje omtala som kutt. Der står at vi fekk færre pengar i fjor enn vi gjorde.

Kan bety dystrare framtid for fjordhesten

Løyvingane kjem frå Landbruks- og matdepartementet, og senteret hadde for komande budsjettår også søkt om ekstra løyvingar for å kome i gang med ein genbank for dei særnorske hesterasane. Norsk fjordhest er ein av tre nasjonale hesterasar, og alle rasane har hatt dårleg utvikling med få føl siste åra.

– Ein må ha minst 200 fødde føl per år for å ha god forvaltning. I år har det vore kring 50 hopper med føl på stallen vår, det er dobbelt så mykje som i fjor. Så vi ser at vi klarer å snu utviklinga.

Fjordhest og Janne Seilen

ANSVAR: – Fjordhestlaget har fått meir ansvar enn før, og vi treng den faglege støtta og hjelpa vi får frå senteret, seier leiar Janne Seilen.

Foto: Kjell Arvid Stølen og Harald Kolseth/NRK

Leiar i Norges Fjordhestlag, Janne Seilen, meiner det er avgjerande for fjordhesten at ein klarer å sikre dagens aktivitet ved senteret.

– Dei gjer ein viktig jobb for at vi skal greie å få til ei berekraftig forvalting av fjordhesten i framtida.

Neste veke skal leiinga av senteret på møte i næringskomiteen for å prøve å overtyde medlemmane og dei politiske partia om å gjere om på forslaget. Det er også føreslått at senteret for nordlandshest/lyngshest får redusert sine løyvingar med 750.000 kroner.

– Dei ulike aktørane har utvikla eit godt og tett samarbeid, så om ein part blir svakare stilt så vil det gå ut over alle, seier Magni Flyum.