Hopp til innhold

Uroa for auke i barnefattigdom

Kvar veke får Sogn og Fjordane to nye born som kanskje vil få færre moglegheiter i livet enn klassekameratane. Tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet syner at 7,6 prosent av borna i fylket lever under fattigdomsgrensa.

BArnefattigdom

AUKAR: Talet på born som lever under fattigdomsgrensa aukar.

Foto: Scanpix

– Eg tykker dette er ei trist utvikling, seier Synnøve Sande som er distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Trass i store mål, pengepottar og ei rekke tiltak frå regjeringar av ulike fargevalørar har barnefattigdommen auka i Noreg heilt sidan 2001. I Sogn og Fjordane var det ein auke på 400 born frå 2013 til 2016.

– Vi ser stadig oftare at born kanskje ikkje får vere med aktivitetar som dei burde få vere med på, seier Sande.

Går ut over helsa til borna

Ungdom som veks opp i familiar som lever under fattigdomsgrensa har fleire psykiske vanskar enn dei som veks opp i familiar med god økonomi.

Tormod Bøe

FORSKAR PÅ FATTIGDOM: Forskar og psykolog Tormod Bøe.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vi ser at dei har fleire symptom på angst og depresjonar, åtferdsproblematikk og at dei også har store utfordringar i forhold til det å ha vener, seier forskar og psykolog Tormod Bøe.

Bøe er 1.-amanuensis ved institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen. Som forskar ved regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest ved Uni Research Helse har han og kollegaene undersøkt korleis det er å vekse opp i relativ fattigdom.

Dei har undersøkt nesten 10 000 ungdommar Hordaland og tidlegare eit tilsvarande tal yngre born i Bergen kommune.

– Vi ser at omsorgsmoglegheitene vert påverka av den dårlege økonomien. Vi ser at det gjerne er meir stress og konfliktar i familiar som har dårleg råd. Det gjer noko med foreldra sine moglegheiter til å vere optimale omsorgspersonar for borna sine, seier Bøe.

Mange årsaker

Det kan vere mange årsaker til at familiar har dårleg råd. Det kan vere einslege forsørgarar, arbeidsløyse, dei som får dårlegare inntekt som følge av sjukedom til flyktningfamiliar som akkurat har kome til landet.

Synøve Sande, distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors

UROA: Synnøve Sande er distriktsleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Foto: Privat

Felles for dei alle er at borna kjenner på skamma over å ha dårleg råd. Det å ikkje kunne gå i ein bursdag fordi du ikkje har råd til presang, eller ikkje kan vere med på fritidsaktivitetar fordi forelda ikkje har bil

– Det er nok ikkje greitt for borna. Dei prøver gjerne finne unnskyldningar for å sleppe å bursdagar. Eg trur der er vondt for dei som ikkje får vere med på ting på grunn av økonomi, seier Sande.

Populære tilbod

I over 15 år har Røde Kors hatt behovsprøvde ferie tilbod til familiar som slit økonomisk , og tilsvarande «Julegleder for barn». Her kan borna få plass etter vurdering frå heimkommunen. Det er tiltak som er svært populære.

– Det er så stor pågang at vi har lange ventelister. Og det er noko vi ser aukar frå år til år, seier Sande.