NRK Meny
Normal

Dei er uroa for at milliardutbygginga i Førde skal gå ut over Lærdal og Eid

Det er uro i Nordfjordrådet og i Sogn regionråd for at milliardutbygginga ved Førde sentralsjukehus skal få konsekvensar for psykiatrien og lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid.

Jan Geir Solheim og Alfred Bjørlo

ÅTVARAR: Utbygginga i Førde må ikkje gå på kostnad av sjukehusa eller psykiatrien i Sogn og Nordfjord, seier ordførarane Jan Geir Solheim i Lærdal og Alfred Bjørlo i Eid.

Foto: NRK

Helse Førde må kutte 50 millionar kroner neste år, mellom anna for å få råd til utbygginga ved Førde sentralsjukehus.

Opprustinga og utbygginga er kostnadsrekna til 1,5 milliardar kroner.

Det har fått Nordfjordrådet til å sende ei uromelding til Helse Førde.

– Brevet var knytt til signala om kraftige budsjettkutt og planane om ei storutbygging i Førde. Byrjar ein med kuttrundar er det ofte makta som rår. Store tunge avdelingar i Førde sit tettare på makta, og då er det kanskje lettare å ta kutta på lokalsjukehusa. Men alt heng saman med alt på eit lokalsjukehus, tek du vekk ein bit, kan andre tilbod fort bli dårlegare, seier Bjørlo.

Også ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal er ottefull.

– Eg er veldig redd for at dei små sjukehusa må lide for investeringane på dei store. Det er vanskeleg å sitje i eit styre og ta store kutt. Då er eg redd for at det går ut over dei minste, seier ordførar Solheim, som også er leiar i helseutvalet i Sogn regionråd.

– Uro for sentralisering

Begge ordførarane seier det er nødvendig å ruste opp Førde sjukehus.

– Men dersom dei samstundes bygger opp ny kapasitet, som i neste omgang kan gje logikk til å sentralisere tilboda, så er det ei uro som ligg hjå oss, seier Bjørlo.

Solheim har ikkje forståing for at det skal byggast ut så mykje.

– Helse er i endring heile tida, og til dømes går talet på liggedøgn kraftig ned. Då trur eg vi får mindre trong for areal. Eg er skeptisk til at vi skal kutte 50 millionar på drift når så mykje skal brukast på investering, seier Solheim, som meiner dagens struktur med to lokalsjukehus og eitt sentralsjukehus er svært viktig for fylket.

Kollage sjukehus

LOKALE: Sjukehusa i Lærdal og på Eid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Ikkje uroa

Sogningar og nordfjordingar treng ikkje uroe seg. Det seier nestleiar i Helse Førde-styret, Atle Hamar.

– Det ligg ikkje føringar eller tankar om endringar i tenestestrukturen mellom sentralsjukehuset og lokalsjukehusa. Men det er heller ikkje noko poeng å vente med investeringane i Førde. Det handlar om at vi skal ha eit sentralsjukehus og spesialisthelsetenester i Sogn og Fjordane også om ti år.

Atle Hamar

NESTLEIAR: Atle Hamar i Helse Førde-styret.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Og vi skal løfte psykiatrien. Der har vi for dårleg tilbod i dag, seier Hamar.

– Vil det ikkje, med auka kapasitet, bli lett å sentralisere seinare, til dømes ved nye kuttrundar?

– Det ligg som sagt ikkje føre endringar i tenestestrukturen. Vi skal trappe opp psykiatrien etter nasjonale føringar.

– Men alle tre sjukehusa må endre seg i tråd med den medisinske og teknologiske utviklinga frametter, seier Hamar.

Innsparingane skal opp i styret i Helse Førde førstkommande fredag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.