Fiskerinæringa uroa etter deponi-ja i nord

Fiskerinæringa likar svært dårleg at planane om deponering av gruvemassar i ein fjord i Finnmark har fått grønt lys. No krev dei at eit ja i nord ikkje skal bety det same for gruveprosjektet i Førdefjorden.

Geir Ove Ystmark

UROA: Geir Ove Ystmark i Fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining meiner departementet sitt ja til gruvedrift i Kvalsund er urovekkjande.

Foto: Sjømat Norge

Nærings- og fiskeridepartementet har gått inn for deponering av gruvemassar i Repparfjorden i Kvalsund kommune i Finnmark.

Prosjektet liknar Nordic Mining sine planar i Vevring i Naustdal, der selskapet vil deponere avfall frå gruvedrifta i fjorden like ved.

Administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Fiskeri- og havbruksnæringa si landsforeining er uroa for kva følgjer eit ja i Finnmark kan få.

– Eg ventar at fiskeriministeren vurderer kvar enkelt sak som ulike saker. Eg ventar også at ein for Førdefjorden sin del vektlegg havbruksinteressene sterkare, seier Ystmark.

Omstridde planar om sjødeponi

Selskapet Nussir ASA vil utvinne kopar i Kvalsund i Finnmark, planar som vil innebere deponering av to millionar tonn gruveavfall i den nasjonale laksefjorden Repparfjorden.

Lista over motstandarar av eit slikt sjødeponi har etter kvart blitt stadig lengre.

Planane i Kvalsund liknar i stor grad Nordic Mining sine planar om eit sjødeponi i Førdefjorden. Selskapet vil utvinne mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring, men ventar framleis på eit endeleg svar frå Miljøverndepartementet.

Spesielt planane om eit sjødeponi har skapt debatt, og seinast for nokre veker sidan varsla nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen, at partiet ikkje vil gå med på eit ja til planane om deponi i laksefjorden.

(Artikkelen held fram under)

Steinbrotet i Engebøfjellet

FØRDEFJORDEN: Gruvedrift i Engebøfjellet vil innebere deponering av gruvemassar i Førdefjorden like ved. Desse planane har møtt motstand frå mange hald.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Frustrert over deponi-ja

Men i Finnmark er gruveselskapet Nussir ASA eit steg nærare gruvedrift i Kvalsund.

Nærings- og fiskeridepartementet har råda kommunaldepartementet til å seie ja, stikk i strid med råda frå ei samla fiskerinæring.

– Både Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet og vi, i samarbeid med Norges Fiskarlag, har kome med tilrådingar om Repparfjorden, som vi ikkje opplever at har blitt lagt vekt på når statsråden no har gitt sitt råd til kommunal- og regionaldepartementet, seier Geir Ove Ystmark i Fiskeri og havbruksnæringa si landsforeining.

Også i Natur og Ungdom har dei rasa mot avgjerda.

– Havforskingsinstituttet og fiskeriorganisasjonane har sagt heilt klart at dei ikkje vil ha dette. Vi meiner departementet utviser ein grenselaus arroganse når dei ser på denne kunnskapen, og likevel anbefaler sjødeponi, sa leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre då avgjerda kom.

Spent på kva som skjer vidare

I Fiskeri- og havbruksnæringa i landsforeining er sjefen djupt uroa, han fryktar konsekvensane eit ja i Finnmark vil kunne ha for dei liknande planane i Sogn og Fjordane.

– Planane om sjødeponi i Førdefjorden er for vår del kanskje endå meir alvorlege.

– Dette fordi dei kjem i direkte konflikt med etablerte havbruksanlegg som ligg like ved eller grensar til områder der ein vil dumpe gruveavfall, seier Ystmark.

Han seier dei no følgjer spent med på vidare saksgang, både i Finnmark og i Sogn og Fjordane.

– Vi følgjer spent med på kva som blir utfallet for både Repparfjorden og Førdefjorden, og kjem til å halde fokus på desse saka.

– Det er behov for å auke sjømatproduksjonen på verdsbasis, og då er det viktig at vi brukar og sikrar dei best eigna fiskeriområda, seier han.

Det er kommunaldepartementet som skal ta endeleg avgjerda i gruvesaka i Finnmark.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.