Hopp til innhold

Uroa etter beslag av syntetisk hasj

Politiet i Sogn og Fjordane er uroa etter at dei sist veke gjorde beslag av syntetisk hasj. Dette stoffet er langt sterkare enn vanleg hasj og helsemyndigheitene fryktar stoffet skal ta liv.

Lensmann i Høyanger, Atle Førde.

BESLAG: Lensmann i Høyanger, Atle Førde, fortel at politiet sist veke gjorde beslag av syntetisk hasj.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sist veke stogga politiet i Høyanger ein mann i 20-åra som kom til kommunen frå Bergen. Det vart gjort beslag i ei større mengde narkotika, og blant stoffa var syntetisk hasj.

Det finst svært mange variantar av syntetisk hasj, men felles for det er at det gir ein ruseffekt som er opp mot hundre gonger sterkare enn vanleg hasj.

At dette stoffet no er i omløp også her i fylket, er noko lensmannen i Høyanger, Atle Førde, likar svært dårleg.

– Dette gjer oss uroa, seier han til NRK.no.

Hasj, tablettar og amfetamin

Førde vil ikkje gå i detalj om kvifor dei stogga mannen, men seier politiet er kjent med at mannen også tidlegare har vore i kontakt med narkotika. Lensmannen seier beslaget av narkotiske stoff er større enn det politiet i området vanlegvis kjem over.

– Det er snakk om ca 100 gram vanleg hasj, 80 tablettar med narkotiske stoff, 0,5 gram amfetamin og ca 1,5 gram syntetisk hasj, seier Førde.

Mannen som hadde stoffa med seg vart teken med til avhøyr, men vart seinare sleppt fri. Førde vil førebels ikkje seie noko om kor vidt politiet veit kva plan mannen hadde for dei narkotiske stoffa han hadde med seg.

Fryktar dødsfall

Det som gjer lensmannen mest uroa etter beslaget er funnet av syntetisk hasj. Folkehelseinstituttet slo allereie i haust alarm etter at det viste seg at bruken av dette stoffet har eksplodert i Norge.

Syntetisk hasj er opp mot hundre gongar sterkare enn hasj, men kostar under halvparten. Den ekstremt høge ruseffekten samanlikna med ordinær hasj, gjer det vanskeleg for brukarane å berekne dosering.

– Dette er veldig kraftige saker, og har fleire problematiske effektar. Blant det mest alvorlege er psykosar, hallusinasjonar, angst og hjerteproblem. Vi har i andre land sett eksempel på hjerteinfarkt, plutseleg hjertestans og dødsfall, sa avdelingsleiar Liliana Bachs ved Folkehelseinstituttet til NRK.no i november.

Lurer narkotestar

Desse syntetiske cannabinoidane er også lettare tilgjengeleg og vanskelegare å avsløre enn vanleg hasj. Stoffa slår nemleg ikkje ut på vanlege rustestar.

Fleire fengsel rapporterer at dei ser at innsette brukar syntetisk hasj. Stoffet er tilnærma luktlaus og verkestoffet kjem i så mange variantar at det er nærast umogleg å påvise bruken ved ein urintest.

– Desse stoffa gjer det veldig vanskeleg for oss. På den eine sida er dette utruleg sterkt, og dei som er rusa får LSD-liknande "tripper", blir paranoide og er skikkeleg ute. Så tar vi urinprøver, som ikkje gir utslag. Då er vi like langt, sa operativ leiar ved Stavanger fengsel, May Olsen, til NRK.no i haust.

(Artikkelen held fram under biletet)

syntetisk hasj

UROA: Politiet er uroa etter beslag av syntetisk hasj i Sogn og Fjordane. I skåla til venstre ligg 100 gram såkalla spice, eit av fleire namn som blir nytta om variantar av syntetisk hasj. Til høgre er ti kilo vanleg hasj, men ruseffekten mellom dei to er omtrent like sterk. (Biletet er ikkje knytt til saka).

Foto: Stig Jaarvik / NRK

På marknaden også her i fylket

Lensmannen i Høyanger skildrar syntetisk hasj som eit relativt nytt fenomen og skulle gjerne sett at det ikkje kom til Sogn og Fjordane. Men beslaget sist veke er eit tydeleg bevis på at stoffet også finst her.

– Styrkegraden på dette er langt kraftigare enn ordinær hasj, og vi er uroa for at dette no er kome på marknaden også her hos oss, seier Atle Førde til NRK.no.

Politiet held narkomiljøet i området under oppsikt, og Førde seier dei registrerer mindre rekruttering til miljøet.

– Det er sjeldan nye namn på blokka vår, det er positivt.