NRK Meny
Normal

Uroa brannsjef: – Ein brann no vil spreie seg

LÆRDAL (NRK): Det kalde og tørre klimaet som er i fylket no får brannsjefen i Lærdal til å tenke tilbake på den katastrofale natta for to år sidan. Han ber difor folk vere svært forsiktige med eld.

Brannsjef lærdal og årdal Gaute Johnsgaard

LITE SOM SKAL TIL: Brannsjef Gaute Johnsgaard opplevde storbrannen i Lærdal på nært hald og blir uroa når han ser omtrent akkurat dei same vêrhøva som brannatta for to år sidan.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Slik forholda er no er all vegetasjon uttørka. Vi manglar berre vinden så er det heilt likt som for to år sidan. Vi må åtvare og eg ser andre har gjort det. Vi hadde jo erfaring i Svelgen no i romjula. Det kunne blitt eit liknande scenario som her i Lærdal, seier brannsjef i Årdal og Lærdal brannvesen, Gaute Johnsgaard.

For akkurat no er det lite som skal til for å starte ein ny storbrann som den i januarnatta for to år sidan der 40 bygningar brann ned.

– Skulle ein få ein brann ved slike høve så vil den brannen spreie seie seg. Folk må tenke seg om. Å drive med aktivitet som kan føre til brann, det må folk unngå, seier Johnsgaard.

Er i gang med sikring

Også ordføraren let tankane vandre tilbake til Lærdalsbrannen når han ser vêrtilhøva no.

Jan Geir Solheim

TENKER TILBAKE: Ordførar Jan Geir Solheim, trur folk i Lærdal er meir forsiktige.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ja, eg tenker på det. Eg likar ikkje at vi har det tørre klimaet nok ein gong med sterk vind. Det er ikkje ønskjeleg, men eg trur folk i Lærdal er enno meir obs på å førebygge, seier Jan Geir Solheim.

Tre av bygningane som gjekk tapt i storbrannen var verneverdige. Sidan brannen har kommunen jobba for å sikre alle dei verneverdige bygga som framleis står på Lærdalsøyri. Byantikvaren har hatt travle år med å sikre dei gamle bygningane. Blant anna har det gamle bankbygget fått sprinkelanlegg.

– Vi har kome godt i gang no. Det er klart at ein alltid har lyst til at alt skal vere sikra, men vi har blitt prioriterte av Riksantikvaren og er i gang, seier Hallvard Trohaug, som er byantikvar i Lærdal.

I Lærdal har dei kome godt i gang med sikring av dei verneverdige trehusa på Lærdalsøyri, men framleis står det att mykje.

I GANG: Sikringsarbeidet på Lærdalsøyri er godt i gang, men framleis står det att ein del sikringstiltak. Foto/redigering: Arne Stubhaug

Framleis mykje som står att

Men framleis manglar mange av dei verneverdige husa sprinkelanlegg, for arbeidet er ikkje ferdig enno.

– Det er vanskeleg å seie når vi er fullstendig sikra. Men vi bør ha fått sprinkla alt som bør sprinklast innan eitt års tid, seier ordføraren.

Arbeidet som er godt i gang gjer brannsjefen litt tryggare.

– Det vil auke tryggleiksnivået veldig mykje. Då vil du unngå situasjonar der ein får rask brannspreiing. Når vi får utvida dette så vil området bli sikra. Og vi håpar at private også installerer slike anlegg i sine bustader, seier Johnsgaard.

Og ordføraren har trua på at fleire vil gjere dette.

– Det er ikkje noko vi kan påleggje, men eg trur det er nokre som kjem til å gjere det.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.