Hopp til innhold

Fryktar det blir færre slike bøker

Kulturrådet bestemte seg denne veka for å gjere store kutt i løyvingane til nynorsk litteraturproduksjon. Mållaget fryktar det betyr færre bøker på nynorsk.

Nynorske bøker i vinden

BLIR FÆRRE: Med kutt i støtta til produksjon av nynorske bøker kan det bety eit dårlegare tilbod av bøker på nynorsk, det fryktar mållaget.

Foto: NRK

– Vi er veldig klar over at Kulturrådet har fått eit stort kutt frå regjeringa, og at dei måtte kutte i ordningane sine. Det vi er redde for er at kutt på ein tredjedel av stønaden til nynorsk litteraturproduksjon fører til færre bøker på nynorsk, seier leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø.

Tidlegare i veka vart det klart at regjeringa kuttar 10 millionar kroner i løyvingane til Kulturrådet.

Det vart opp til Kulturrådet å fordele kutta i organisasjonen, og dermed vart det bestemt at 1,1 millionar kroner skulle fjernast frå støtteordninga til nynorsk litteraturproduksjon.

Ordninga har som mål å sikre at det finst stor breidde i ulike tiltak for å gje ut og formidle nynorsk litteratur.

Svekker konkurranseevna i ein vanskeleg marknad

Marit Aakre Tennø

UROA OVER KVA SOM VIL SKJE: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, fryktar kutt i støtteordninga for nynorsk litteraturproduksjon vil føre til færre bøker på nynorsk.

Foto: Noregs Mållag

Tennø seier at mange av dei bøkene som i dag får slik støtte truleg ikkje hadde vore utgjevne i det heile teke, eller hadde kome ut på bokmål om det ikkje hadde vore for ordninga.

– Nynorsk tekstproduksjon er så viktig for nynorsken, at vi er uroa for det som no skjer. Vi veit ikkje korleis kuttet vil utarte seg enno, seier leiaren i Noregs Mållag.

Nynorskrørsla hadde håpt at løyvingane ville halde fram.

– Vi veit at nynorsk skriftproduksjon er avhengig av støtte, for ein konkurrerer ikkje på like vilkår.

– Marknaden vil helst ha bokmålsbøker og ein sentralisert bokhandelsstruktur, og begge deler gjer det vanskeleg å få stilt ut og distribuert bøker på nynorsk. Det gjer at nynorsk bøker er avhengig av ei eller anna form for støtte for å kompensere for dette.