NRK Meny
Normal

Uro for oljeframtida i Florø

FLORØ (NRK): Nedturen i oljebransjen tek for alvor til å bli merkbar i Florø.

Fjordbase i Florø

MINDRE AKTIVITET: på Fjordbase er det stillare enn det har vore dei siste åra.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fleire titals færre arbeidsplassar på oljebasen, redusert fly- og helikoptertrafikk og færre supplybåtar gir ringverknader for næringslivet. Både hotella og drosjene i kystbyen melder om langt mindre pågang enn før.

No har dagane blitt stille på drosjesentralen midt i Florø sentrum, fortel drosjesjåfør Hege Brandsøy.

– Det er litt rolegare dagar no enn det var tidlegare, ja. Vi har turar frå flyplassen til hotella med retur, frå flyplassen til basen og tilbake. Det blir mindre inntekter på oss også når det blir mindre køyring. Vanlegvis på denne tida hadde vi hatt fullt opp å gjere.

Samtalane med passasjerane i drosjen er annleis no enn tidlegare.

– Dei er bekymra for arbeidsplassane sine, dei er bekymra for basen.

Hege Brandsøy

FÆRRE TURAR: Drosjesjåfør Hege Brandsøy har mindre å gjere.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Færre helikopterturar og supplybåtar

Det kjem som på samleband. Nærast dagleg høyrer vi om nye kutt som råkar. Oljenæringa seier opp folk over ein lav sko langs heile kysten.


I Sogn og Fjordane ligg det meste av det fylket har karra til seg av oljeaktivitet i Florø. Saga Fjordbase med sine 48 verksemder har vore arbeidsplassen for over 600 tilsette. No nærmar talet seg 500.

Frå Florø lufthamn går det færre offshorehelikopter ut til plattformene, og Widerøe har kutta kveldsflyet sitt etter at flyrutene vart kommersialisert. På Botnastranda har dei karakteristiske supplybåtane færre anløp.

Fjordbase i Florø

FÆRRE SUPPLYBÅTAR: på Fjordbase er det framleis supplybåtar, men færre enn før.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Hotella merkar det godt

Alt dette merkar hotella i byen, seier hotelldirektør Siv Grov ved Comfort Florø Hotel.

– Ja, det gjer vi, spesielt siste månadene. Vi merkar at vi har mindre trafikk som er offshorerelatert. Den er ein viktig del av belegget vårt.

Og trenden er den samme hos Quality Florø Hotel.

Siv Grov

FÆRRE GJESTER: Direktør Siv Grov ved Comfort Hotel Florø.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Bekymra for framtida

Vi tek trappene opp til 2. etasje i rådhuset. Ola Teigen fekk nedturen i fanget då han tok over i som ordførar i haust.

– Eg trur det er litt tidleg å seie korleis oljekrisa vil slå ut når den slår ut i full blomst. Det kanskje mest dramatiske for Florø sin del er omlegginga av seglingsmønsteret. Forsyning frå Florø er flytta til Mongstad. Det skjedde rett før jul, så full effekt av dei endringane har vi ikkje sett enno.

– Men vi er bekymra for framtida, og oljeprisen slik den er i dag har ført til at mange oljeselskap har kutta kostnader og talet på tilsette. Det har gitt utslag for sysselsettinga i Florø. Siste tala frå NAV viste at vi hadde ei arbeidsløyse på 4,1 prosent. Eg fryktar at det kan stige, det er grunn til å rekne med det, seier ordførar Teigen.

Ola Teigen

BEKYMRA ORDFØRAR: Ola Teigen (Ap) ser at arbeidsløysa i Flora stig.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Fryktar ikkje for jobben

Men alt er ikkje svart. Midt på Fjordbase, mellom store gaffeltruckar og stablar med røyr står Kjell Rune Høyvik.

– Eg veit det er ein del firma som har fått mindre å gjere. Det er dårlegare stemning på basen i forskjellige firma, det har eg høyrt. Du ser at det er mindre aktivitet.

– Fryktar du for din jobb?

– Eg fryktar ikkje for min jobb, nei. Vi har mykje røyr, det er det vi held på med.

Kjell Rune Høyvik

MYKJE RØYR: Kjell Rune Høyvik er ikkje redd for sin eigen jobb.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Rune Bortne er tillitsvald for NITO i INC Support og har lang fartstid på basen.

– Det er ein betydeleg nedtur i aktiviteten for dei som held til i Rogaland og Hordaland. Også her på Fjordbase har aktiviteten gått ned etter at Statoil la om seglingsmønsteret sitt i desember.

Rune Bortne

NEDGANG I AKTIVITETEN: Rune Bortne er tillitsvald for NITO.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Forsiktig optimist

Og mannen som frå 1. april har fått ansvar for det heile er Leif Stavøstrand. Han er ny administrerande direktør i INC Gruppen.

– Eg tillet meg å vere forsiktig optimist på vegner av basen. Vi ser kva som skjer andre stader i landet, og det er klart at vi er påverka av det vi også, som alle andre. Vi hadde eit leverandørmøte for to dagar sidan. Det vi ser er at det er fleire som er blitt nøydde til å kutte ned på staben sin. For dei som er råka personleg er det høgst alvorleg.

Leif Stavøstrand

– PÅVERKA AV NEDTUREN: Leif Stavøstrand er ny sjef for INC Gruppen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men det finst lyspunkt. Røyraktiviteten aukar. Og ute i havet vest av Florø blir det gjort nye prøveboringar.

– Eg tillet meg å vere forsiktig optimist på vegner av basen, seier Stavøstrand.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast