NRK Meny
Normal

Urframførte tre splitter nye songar på radio

Steinar Engelbrektsson urframførte fredag tre rykande ferske låtar i NRK si ettermiddagssending.

Created by InfoDispatcher

GOD STEMNING I STUDIO: Steinar Engelbrektsson spelar live i studio. Stor stas for dei heldige ti som fekk vere publikum. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Plata kjem ut neste fredag, og ho heiter «Ekte speleglede». Dei fleste plater som vert gitt ut, heiter det same som ein song. Men på denne utgivelsen valde vi denne tittelen, fordi det er det alt handlar om, seier Engelbrektsson.

Han fortel at trass i lang fartstid i musikkbransjen, har han aldri hatt det så kjekt som han har det no, både på og utanfor scena.

Kriblar litt ekstra

Med seg har han Tor Ove Sjåstad på trommer, Sissel Lunde Sundby på orgel og piano, Olav Hammersland på gitar og Lars Egil Vågseter på steelgitar.

Sjølv om han har mange plateutgivelsar bak seg, legg han ikkje skjul på at det kriblar litt ekstra når ei ny plate straks er ute.

– Dette er første plata eg gir ut der det står Steinar Engelbrektsson, og ikkje Steinar Engelbrektsson band. Det betyr at eg har bestemt hundre prosent alt på plata. Men eg er ikkje spent, eg er veldig nøgd, seier Engelbrektsson.

Mini-konsert

Dei tre nye songane vart framførte under Lutt i NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending fredag. Ti heldige publikummarar hadde vorte plukka ut til å få med seg mini-konserten live i radiostudio. Og dei likte det dei høyrde, noko som gledde musikantane å høyre.

– At publikum er nøgde, er viktig. Det er viktig å ha nokon som tykkjer om det du driv med, seier Engelbrektsson.

Å urframføre songar på radio, tykte han var kjekt.

– Det var veldig spennande. For det første er det live, og for det andre gjekk det ut til heile fylket. Så det var litt spesielt, seier Engelbrektsson.

Laurdag kveld spelar dei under Sunnfjord Conutryrock på Rica Sunnfjord Hotel.