Det er Sogn Avis som melder at Hopra på nytt er ureina, etter alt å døme frå landbruket. Store mengder aureyngel flaut med buken i veret då John Grønsberg gjekk kveldstur langs elva søndag. Han seier det var trist å sjå tilstanden i elva. No meiner han Vik kommuen må ta affære.
Lita vassføring om sommaren
- Vi må prøve å finne årsaka til det som har skjedd, seier næringssjef i Vik, Eivind Helleland. Men hovudproblemet i Hopra er at elva er 100 prosent regulert. Dermed blir vassføringa så lita på seinsommaren at den minste ureining får store følgjer.
Avhengig av Statkraft
Helleland håpar å få gjennomslag for å auke vassføringa når dei på nytt skal forhandle om konsesjonsvilkåra med Statkraft. - Det kan nok bli vanskeleg å få Statkraft med på å auke vassføringa, sjølv om dei er positivt innstilte til å gjere tiltak, mellom anna ved å byggje tersklar i elva, seier Helleland.