NRK Meny
Normal

Urealistisk budsjett, meiner rådmannen i Florø

Bystyret i Flora vedtok tysdag eit budsjett som inneber kutt på 50 millionar kroner. Kutta vil dei gjere gjennom effektiviseringar.

Rådmann Terje Heggheim, ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) og formannskapsmedlem Gustav Johan Nydal

UREALISTISK: Rådmann Terje Heggheim meiner budsjettet Flora-politikarane vedtok tysdag ikkje er realistisk.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det fekk rådmann Terje Heggheim til å gå til det uvanlege steget å be om å få protokollført at han meiner dette er urealistisk.

– Eg har peika på at eg meiner det ikkje er realistisk å få til eit kutt på 50 millionar kroner berre ved å sjå på effektivisering, utan strukturar og tenesteproduksjon.

Men å kutte i tilbodet til innbyggarane ville verken Høgre, Venstre, Kristleg Folkeparti eller Venstre, som var dei som utgjorde fleirtalet. Verken skular eller barnehagar eller anna tenestilbod blir rørt i budsjettet som blei vedteke tysdag.

– Vi har laga eit svært bra budsjett for 2015, men du har rett i at det er snakk om kutt på 50 millionar kroner når du ser på heile økonomiplanperioden, seier ordførar Bent Solheim-Olsen.

Effektivisering

Fleirtalet i bystyret vil pålegge dei fleste tenestene i kommunen å spare 1,5 prosent i året. I tillegg pålegg dei seg sjølve, politisk leiing og rådmann, 3 prosent. Men rådmannen meiner det er urealistisk å kunne spare 50 millionar kroner utan å gå meir drastisk til verks.

Ordførar i Florø Bengt Solheim Olsen, er klar til å ta julevasken hjå den som byr mest på auksjonen.

EFFEKTIVISERING: Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H)

Foto: Tom Øyvind Solheim

– Ja, og det ser dramatisk ut med 50 millionar på fire år, men slik har det også sett ut mange gonger før, seier Solheim-Olsen.

Draumebudsjett

– Når rådmannen meiner det er lite realistisk å få til, har politikarane i Flora berre vedteke eit draumebusjett?

– Nei, det er eg ikkje samd i. Vi har vedteke eit svært bra budsjett for 2015 der vi satsar på både skule, barnehage og helse og omsorg blant anna. Så ser vi og at vi er nøydde til å sjå på nokre effektiviseringstiltak, seier Solheim-Olsen.

Eit av tiltaka som blei nemnt i bystyret var eigedomsskatt, men der ligg Flora allereie på maksgrensa på sju promille.

– Så vi har ikkje moglegheit til auke den per i dag. Vi må snart gjennomføre ei retaksering, noko som mest sannsynleg vil føre til at verdien på eigedomane blir så høg at innbyggarane i Flora om fire–fem år betaler både to og tre gonger så mykje i eigedomsskatt som i dag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser