Hopp til innhold

Har smidd ordrim i fire år – no blir det bok

I fire år har Fridtjov Urdal samla «likes» med regelmessige ord for dagen på Facebook. No samlar rimsmeden eit utval mellom to permar.

Fridtjov Urdal

RIMSMED: Fridtjov Urdal har tidlegare samanlikna blogging med å rope ned i eit oljefat. – Det er sikkert imponerande for mange å gjere det, men ikkje så mange som høyrer det, ler han.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Eg fekk lyst til å ytre meg. I byrjinga opererte eg med både ord for dagen og ord for natta. Men det vart noko vanskeleg å følgje opp, ler Fridtjov Urdal.

Får enkelte likes

Førebels har han ikkje skrive noko han angrar på. I alle fall ikkje som han kan hugse. Men korte setningar har det med jamne mellomrom blitt frå den språkkyndige kulturpersonen.

Til stor glede for mange Facebook-vener.

– Eg får enkelte «likes». Det varierer. Eg reknar ikkje med at det er noko folk ventar på, eller ser etter. Det blir vel meir slik folk snublar over, humrar han.

Samla i bok

No blir ordtaka samla mellom to permar. Urdal vil ikkje kalle boka ein «best of».

– Det blir, slik eg trur, 365 ord for dagen. Og eitt lite stikkvers for kvar månad, seier han.

– Har du stole mykje?

– Naturlegvis. Nokre gonger med medvit. Andre gonger med umedvit. For det er utruleg kva ein har høyrt, lese og sett. Det ein går rundt og hugsar, men ikkje klarer å gjere greie for om det er meg eller andre som har funne på.

Smir tanken

– Når ein tenkjer på kor mykje som har vore sagt og tenkt i verda gjennom nokså mange år, så skal det godt gjerast å komme opp med ein original formulering eller tanke. Det meste er oppattkoking av gamal graut, ler Urdal og legg til at aktualitet er noko som tenner inspirasjonen.

– Somme har kome ut av ei aktuell hending eller noko som fengde tanken. Nokre gonger får ein høve til å setje seg ned og prøve å smi ei form på tankane, seier han.

Må pirke i tekstane

Det er ein krevjande jobb han har gjeve seg sjølv.

Han likar korte setningar, som igjen betyr langt meir hovudbry med teksten.

– Eg er av dei som ikkje klarer å sjå ein tekst utan på pirke i den. Det er vanskeleg å vite når den er ferdig. Du kan ta vekk eitt ord og gjere den mykje sterkare, eller du kan byte om på ord og få eit heilt anna bilete som er verdt å sjå, seier Urdal.