Hopp til innhold

UP-sjef uroa over høg fart

Det er urovekkande at så mange køyrer så fort, seier Terje Oksnes, som er sjef for Utrykkingspolitiet på Vestlandet.

Terje Oksnes

MANGE FØRARKORT RAUK: UP sytte for at åtte bilistar måtte parkere bilen. Arkivfoto.

Foto: Tor André Johannessen

I helga måtte åtte bilførarar levere frå seg førarkorta etter at ein UP-patrulje kontrollerte trafikken på riksveg 15 over Strynefjellet. Den høgste målte farten var 148 kilometer i timen i 90-sona.

I tillegg var det 30 som fekk forenkla førelegg for å ha brote fartsgrensa. Det var ein UP-patrulje frå Austlandet som stansa dei mest fartsglade.

Oksnes fortel at det også på ei anna vegstrekning på Vestlandet vart kverrsett ti førarkort på tre dagar. Han er skremd over fartsnivået.

– Det er sjølvsagt altfor høgt.

Terje Oksnes

- ALTFOR HØGT FARTSNIVÅ: UP-sjef Terje Oksnes.

Foto: Egil Torheim / NRK