Hopp til innhold

UP-patrulje fekk det travelt

UP-patruljen i Sogn hadde i går fleire kontrollar i området rundt Sogndal. I ei 70-sone ved Kjørnes vart det skrive 12 forenkla førelegg for høg fart. Ein førar fekk med seg førelegg for bruk av handhalden mobiltelefon, medan politiet også skreiv ut eit gebyr for manglande bilbelte. Seinare på kvelden fekk fem førarar i sentrum gebyr fordi dei ikkje hadde med seg førarkortet.