Hopp til innhold

Uønskt gjest tok seg inn og skada seg sjølv og andre

Ein person tok seg inn i ein bustad i Nordfjordeid i natt. No er inntrengaren sendt til sjukehus med skader.

Det var klokka 04:46 i natt at politiet i Nordfjordeid fekk melding om at ein uønskt person hadde teke seg inn og vore valdeleg i eit hus med fleire bueiningar. Ein person i huset fekk skader. Den ubodne gjesten som tok seg inn fekk kuttskadar etter å ha knust eit vindauge i ei dør. Politiet melder at inntrengaren er sendt til Førde sentralsjukehus. Den ubodne gjesten vert meld av politiet. Tilstanden til dei skadde er uviss.

Avslutta fest

I Førde fekk politiet klokka 01.46 i natt melding om at ubodne gjestar hadde "teke over" ein privat fest. Politiet rykte ut og avslutta festen.

Litt tidlegare på natta køyrde politiet i Førde heim ein rusa mann i 20-åra. Elles har ikkje politiet så mykje å melde om ting som har skjedd natt til kristi himmelfartsdag.