Hopp til innhold

Uønskt deling av nakenbilete: – Veldig få er klar over at det er ulovleg

SOGNDAL (NRK): Med ny straffelov kan deling og spreiing av uønskte nakenbilete føre til inntil to års fengsel. Men kunnskapen om kva som er straffbart og ikkje, er for dårleg, meiner ungdomar og helsesøster i Sogndal.

Ingelin Heen Veum og Eirik Sundsøy

VIL HA MEIR INFORMASJON: Eirik Sundsøy og Ingelin Heen Veum meiner det offentlege må syte for enda meir kunnskap til dei unge om kva som er lov og kva som er ulovleg når det gjeld bildedeling.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Eit fleirtal på Stortinget går inn for strengare straffer for spreiing av nakenbilete. Forslaget til ny straffelov er no ute på høyring, og i det nye forslaget har spreiing av nakenbilete ein strafferamme på inntil to år, i dei grovaste tilfella.

Deling og spreiing av nakenbilete er noko ungdomane ved Sogndal vidaregåande har god kjennskap til.

– Ein høyrer veldig mykje om det og eg trur veldig mange i alle fall har opplevd å få slike bilete tilsendt, seier Eirik Sundsøy.

– Eg sjølv har opplevd at vener viser meg bilete dei har fått. Eg trur det er noko alle har vore borti, seier Ingelin Heen Veum.

Veum og Sundsøy er elevar og elevrådsrepresentantar ved Sogndal vidaregåande skule. Dei etterlyser meir informasjon. I vår var politiet på skulen deira og snakka om temaet, noko som vart ein augeopnar for mange av elevane.

– Eg trur veldig få er klar over at det er ulovleg. Eg trur og at mange tenkjer at det skjer ikkje med dei, at dei ikkje blir tatt, seier Veum.

Naudsynt med strengare straffer

– Dette er saker som har store konsekvensar for unge gutar og jenter, med fatale utfall i ein del saker, der ungdom tek sitt eige liv, seier leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Fleire og fleire slike saker blir melde til politiet og Johannessen er glad for at Stortinget vil ha strengare straffer.

Arne Johannessen, ny einingsleiar for Sogn og Fjordane i Vest politidistrikt.

POSITIV: Arne Johannessen ønskjer strengare straffar for deling og spreiing av bilete velkomen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er eit tydeleg signal om at dei har ein vilje om at det skal bli lettare å følge opp slike saker og det skal bli tydeleg at det er straffbart å dele.

Han meiner likevel at det førebyggjande arbeidet er det viktigaste.

– Når eit bilete har blitt delt, så har alt skaden skjedd. For den som har blitt utsett for det så er ikkje straffesporet det viktigaste, men heller å hindre at slik skjer, seier han.

Fleire må melde ifrå

Linda Habbestad Skorve er helsesøster ved Sogndal vidaregåande. Ho er ofte i kontakt med elevar som har opplevd å få bilde av seg sjølv delt.

– Eg trur at det er naudsynt med strengare straffer. Men det aller viktigaste er at fleire melder ifrå til politiet om dei blir utsett for det. Altfor mange ungdomar meiner at det ikkje kan vere så farleg å spreie slike bilete, fordi alle gjer det.

Skorve trur endå meir informasjonsarbeid må til.

– Ungdom treng å bli meir beviste på dette temaet. Dei må forstå konsekvensane, korleis dei kan beskytte seg og kva dei bør gjere om det skulle ramme dei, seier ho.

Linda Habbestad Skorve

VIL FØREBYGGJE: Linda Habbestad Skorve meiner det må meir informasjonsarbeid til.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK